Full trimbok i Straumgjerde
Postet av Velledalen Idrettslag den 27. Mar 2014
Telefonen ringjer og det
er Svein Arne Nakken som er på tråden
- Kan du seie til
Nils at no er det like før trimboka på Bruna er full – berre eit par sider att.
Blir det godt vêr i helga er det sikkert gjort.
Og vi kan fortelje at Nils
har fått meldinga og han har svara OK. Difor er det grunn til å tru at ingen
slepp gå «bomtur» - utan nokon stad og skrive seg inn.
Med den vinteren vi har
hatt, burde det ligge an til rekordnotering på fleire av postane. At trimboka
ved Bruna trimpost fyrst vert full er heilt normalt, men gi beskjed til Nils -
eller andre i trimgruppa - om andre postar snart er i same situasjon. Vi set
pris på at folk går/ joggar/ spring og på den måten dyrkar folkehelsa.
Siste fra Velledalen Idrettslag

Rapport frå idrettsskulen
31.01.2025

Juleavslutning for sirkeltreningsgjengen
20.12.2024

Svein og Fridtjof gjennomførte med glans
05.03.2024

220 noteringar i skogsvegen Drabløs
05.03.2024

Er det aktivitet på trimpostane…?
01.03.2024