Konradløpet 2014: Påmeldingsnytt nr. 18

    Postet av Velledalen Idrettslag den 23. Mar 2014

    I dag kan vi melde om
    påmelding frå ein aktiv familie, familien Nakken frå Straumgjerde, som tel
    personane:

    Svein Arne Nakken

    Anita Mosby Nakken

    Sivert Mosby Nakken

    Andreas Mosby Nakken

    Familiefaren, Svein, er
    klar for sitt åttande løp. Lars Inge sin statistikk seier han har ei bestetid
    frå 2008, pålydande 17.58. For det meste er han stabil på 18-talet med
    registrerte tider som 18.16, 18.25, 18.35 og 18.47.

    Anita og tvillingane
    deltek i 2014 for tredje gong. Som betyr Konradmedaljen i sølv etter løpet.
    Sivert og Andreas er to gryande hardhausar, berre registrert med tider i 2012.
    Den gongen kom Sivert inn på 25.28 og Andreas på 25.37.

    Om få
    år må Svein truleg kutte ned på sauehaldet og lammevake om han vil halde hynane
    bak seg.