Konradløpet 2014: Påmeldingsnytt nr.17
Postet av Velledalen Idrettslag den 22. Mar 2014
Svært mange av
deltakararne i Konradløpet kjem att år etter år. Talet på debutantar varierer,
som regel 10-15 prosent av totalen i hovudløpet (det vil seie 30-50 utøvarar).
I dag presenterer vi to
debutantar, begge jenter, og med 6230 som postadresse. Namna er Simone og Sanna
Tafjord. Tek vi ikkje feil er dette døtrene til Glenn Tafjord, og såleis av
godt løparblod.
Som debutantar må ein
hugse og få med seg den eksklusive Konradløpdiplomen heim. I tillegg er alle
deltakarar med i trekninga av gåvepremiar. Kring 20 prosent – somme tider meir - i hovudløpet får slike premiar.
I dag har vi gleda av å
ynskje Simone og Sanna velkomne til fartsleik i Velledalen 1.mai!!
Siste fra Velledalen Idrettslag

Rapport frå idrettsskulen
31.01.2025

Juleavslutning for sirkeltreningsgjengen
20.12.2024

Svein og Fridtjof gjennomførte med glans
05.03.2024

220 noteringar i skogsvegen Drabløs
05.03.2024

Er det aktivitet på trimpostane…?
01.03.2024