Lokalproduserte vinnarpremiar
Postet av Velledalen Idrettslag den 21. Mar 2014
På sist styremøte i
Velledalen IL vart det bestemt at beste herre- og beste dameløpar under årets
Konradløp skulle få lokalproduserte premiar. Det dreier seg då om trearbeid av
Ingvart Nilsen, som er rosemåla av kunstnaren Solveig Hopland, med
velledalsfjella som motiv. Begge premieprodusentane deltok for øvrig på
Førjulsmessa i 2013.
To slike premiar er no
tinga, noko som betyr at verdien av fyrstepremiane vil stige i høve til
tidlegare år. Om nokon (firma eller privatpersonar) vil sponse ein eller begge
premiane er det fullt muleg. Ta i så fall kontakt med premiesjef Marit Hole.
Også premiane til
Minikonrad er indirekte handla lokalt. Dei tingar vi hos Morten Holmberg, aktiv
i bransjen frå basen sin i Vik i Sogn.
Siste fra Velledalen Idrettslag

Rapport frå idrettsskulen
31.01.2025

Juleavslutning for sirkeltreningsgjengen
20.12.2024

Svein og Fridtjof gjennomførte med glans
05.03.2024

220 noteringar i skogsvegen Drabløs
05.03.2024

Er det aktivitet på trimpostane…?
01.03.2024