Konradløpet 2014: Sterk herreløpar påmeld
Postet av Velledalen Idrettslag den 17. Mar 2014
I dag kan vi stadfeste at
Kjell Magnar Berli har meldt seg på løpet den 1.mai 2014. Reknar vi av dagens
fastbuande velledalingar, er Kjell Magnar nummer tre på lista rangert etter
sluttid. Dei to føre han er Nils Terje Skylstad og Alf Petter Bøe.
Konradløpet er som ein
sprint for Kjell Magnar. Han likar best mykje lenger distansar. Debuten fann
stad i 2011 på tida 16.05, som også er bestetida hans. Han deltok også i 2012
og 2013, slik at årets løp vert hans fjerde.
Kjell Magnar er dessutan
medlem i friidrettsgruppa, slik at han får ein finger med i arrangementet. Vi
ynskjer Kjell Magnar Berli velkomen som deltakar i årets løp!
Siste fra Velledalen Idrettslag

Rapport frå idrettsskulen
31.01.2025

Juleavslutning for sirkeltreningsgjengen
20.12.2024

Svein og Fridtjof gjennomførte med glans
05.03.2024

220 noteringar i skogsvegen Drabløs
05.03.2024

Er det aktivitet på trimpostane…?
01.03.2024