Fleire med aner frå Velledalen

Postet av Velledalen Idrettslag den 10. Mar 2014

Før helga
skreiv vi om Herman Aurdal som vann gull i kulestøt i klasse G 15. I dag kan vi
melde om to nye deltakarar med band til Velledalen.

Sondre Strøm
representerer Laksevåg TIL. Han er son til Jan Kåre Strøm som gjekk på skule og
voks opp i Velledalen. Han budde der Per Steinar Linga sin familie bur i dag.
Jan Kåre Strøm har ei søster buande i Sykkylven, og Borgny og Sigbjørn Brunstad
er tante og onkel til Jan Kåre.

Sonen til Jan Kåre deltok på 1500 meter i
klassa for gutar fødde i 1997. Her fekk han tida 4.32.26, som heldt til 14.
plass i den knivskarpe konkurransen

I klassa for
jenter fødde i 1998, sprang Aimy Helena Brunstad, Lørenskog FIL, 200 meter. Ho
kom inn på 28,28, ei tid som heldt til 16. plass. Tek vi ikkje mykje feil er
dette jenta til «Brunstadekspressen», noko som gjer nærare presentasjon uturvande.

Så om ikkje
friidretten akkurat blomstrar i Velledalen, er det gledeleg at personar med
slektskapsband til dalen gjer det godt. Og utanom dei tre nemnde må vi ikkje
gløyme den beste, tikjemparen Henrik Johan Holmberg, for tida i gang med
oppkøyringa til 2014-sesongen i USA.