Kanonene melder seg til teneste

Postet av Velledalen Idrettslag den 6. Mar 2014

-  Det krev sin mann
å bli far for fyrste gong, men eg stiller,
  seier
Jens Christian Hole på telefon frå Austlandet. Dermed er ei viktig brikke
på plass, Jens Christian har greidd merket i Birkebeinerløpet dei to siste åra.

Broren,
  Roger Malvin Hole, har lova seg vekk
til Bama sitt lag, der det er grunn til å tru at Oddbjørn Hjelmeset vert den
største attraksjonen. Men Roger har lova overnattingsplassar og kan skaffe
løparar om det knip.

Sverre Gunnar Brunstad
  skal springe for eit anna lag, men lovar ta ein
etappe også for Velledalen IL, om det let seg gjere. Noko som truleg går. Han
også vil kartlegge situasjonen i sin næraste familie med omsyn til andre
løparar.

Elles har
  Rolf Haxthow meldt frå om at han kan
skaffe eit par overnattingsplassar, men han skal springe for eit anna viktig
lag, difor vert han ikkje VIL-deltakar denne gongen.

Men uansett; lovande
tilbakemeldingar frå «filialen vår» på Austlandet, der Hilde Riksheim Tandstad
på strak arm trylla fram tre namn: Dermed er «austlandskvota» i fyrste omgang
full, og lyder slik:

Jens Christian Hole

Sverre Gunnar Brunstad

Hilde Riksheim Tandstad

Berit Emdal

Kjetil Sætre

Ein slagkraftig kvintett,
men det kan bli behov for fleire.