Tøft liv som trimpostkasse
Postet av Velledalen Idrettslag den 5. Mar 2014
Det er ingen spøk og
skulle drifte 14 trimpostar. Både på Myrdalsfjellet og Holetindane har vind og
vêr teke føre seg. Til mindre snø, dess større vert skadeomfanget er det likt
til. Faktisk er det beste at høgtliggande postar snøar ned vinterstid.
Slik har det ikkje vore
denne vinteren. Trimgruppeleiar Nils Terje Skylstad har sendt fylgjande melding
til VIL-Nett:
- Etter ein tur på
Holetindane kan eg rapportere at der er både bok og kasse tatt av vinden. Ligg
igjen ein del av kassa. Skal prøve å erstatte bok og kasse så snart som mulig,
sjølv om forholda ikkje er optimale for besøk no. Så det er vel ikkje mange som
får seg ein «bomtur».
Dette til orientering for
dei som måtte klive rundt i høgda. Har du vore på posten i perioden med «driftsstans»
ver gild å meld frå til Nils, så syter han for at du får godskrive turen
poengmessig
GOD TUR!!
Siste fra Velledalen Idrettslag

Rapport frå idrettsskulen
31.01.2025

Juleavslutning for sirkeltreningsgjengen
20.12.2024

Svein og Fridtjof gjennomførte med glans
05.03.2024

220 noteringar i skogsvegen Drabløs
05.03.2024

Er det aktivitet på trimpostane…?
01.03.2024