Tri klar for Konradgull
Postet av Velledalen Idrettslag den 28. Feb 2014
Her frå Konradløpet 2009
Konradløpet har også ei
premiering som ikkje går på fart, og som det er verdt å minne om. Den er slik:
1.gong: Eksklusiv diplom
3.gong: Konradmedaljen i
sølv
6.gong: Konradmedaljen i
gull
10.gong: 10 års vase med
påskrift
Denne gongen kan vi melde
om ein sprek, rutinert trio på årets løpsliste. Minst rutinert av dei tre er
Tri Midtlid, som deltek for sjette gong. Dermed må han hugse og hente seg ein
Konradmedalje i gull etter løpet. Med seg i påmeldinga har han Kim André
Midtlid og Nikolai Slettvold. Unge karar som likevel er veteranar. I
statistikken står talet 11 bak begge namna. Det betyr 11 løp tidlegare. Då får
dei to sitt tolvte i år, noko som betyr at dei berre har vore fråverande eitt
år. Knallbra – slike karar likar vi!!!
Vi ynskjer Tri, Kim André
og Nikolai velkomne til Brunstad og Konradløp nummer 13 den 1.mai. Faktisk
berre to mnd. att
Siste fra Velledalen Idrettslag

Rapport frå idrettsskulen
31.01.2025

Juleavslutning for sirkeltreningsgjengen
20.12.2024

Svein og Fridtjof gjennomførte med glans
05.03.2024

220 noteringar i skogsvegen Drabløs
05.03.2024

Er det aktivitet på trimpostane…?
01.03.2024