Krypdyr i vegen – ensa ikkje kvinnehyl.
Postet av Velledalen Idrettslag den 26. Feb 2014
Ei dame frå Velledalen og ei frå Stranda
var innom trimposten ved sætreelva i Holemarka i dag.
Men det vart ingen vanleg tur. Dei ana fred og ingen fare då dei brått la merke
til ein hoggorm midt i vegbana. Eit skikkeleg kvinnehyl av beste merke gjorde
ikkje inntrykk på ormen. I alle fall flytta den seg ikkje. Dei prøvde så å
trille steinar mot ormen for at den skulle flytte på seg. Heller ikkje det
hjelpte. Med bankande hjarte og høg puls greidde dei likevel ta seg uskadde forbi
ormen som framleis småslumra midt i vegen.
Vel og bra
.
Men dei hadde ikkje før kome seg vidare, før dei møtte ein til. Av same sorten.
Heldigvis låg den på kanten av vegen, slik at middels mot var nok til å passere
den. Men det stoppa ikkje der. Få meter seinare såg dei nummer tre. Den låg i
veggrøfta,og flykta i ørska ut i vatnet då den høyrde kvinnestemmer. Den var
såleis ikkje til hinder for damene sine to mest dyrekjøpte poeng ved trimposten
i Holemarka nokon gong, midt på dag den 26. februar!!
Så akta dykk, alle to- og
firføtte som går tur. No livnar det i lundar, som det heiter i songen.
PS.
Treng de
rådgjeving av meteorologisk karakter, ta kontakt med klubbmeteorolog Per-Gunnar
Holmberg. Han er snart heime frå treningsleir i Spania
Siste fra Velledalen Idrettslag

Rapport frå idrettsskulen
31.01.2025

Juleavslutning for sirkeltreningsgjengen
20.12.2024

Svein og Fridtjof gjennomførte med glans
05.03.2024

220 noteringar i skogsvegen Drabløs
05.03.2024

Er det aktivitet på trimpostane…?
01.03.2024