Ellinor sikker som banken
Postet av Velledalen Idrettslag den 25. Feb 2014
Lista over personar som
har delteke i samtlege Konradløp byrjar tynnest ut. Søkjer ein i statistikken
på namnet Ellinor Brunstad, kjem talet 12 opp. Det betyr at ho har meldt seg på
tolv gonger tidlegare. Flittigare kan ein ikkje vere, då det hittil er avvikla
tolv løp.
For dei som ikkje det,
nemner vi at Ellinor Brunstad er utflytta velledaling. Barne –og ungdomsskorne
trødde ho på Velle. No har ho postnummer 6222, og har ikkje flytta særleg
langt. Vi gratulerer henne som den fyrste påmelde frå dette postnummeret i 2014.
Med seg i lagteamet har ho
ektemannen, Kjell Arne, og barnebarna Mads Emil Midtlid og Brage Andre
Slettvold. Kjell Arne står med 11 deltakingar frå tidlegare, og er mellom dei
mest trufaste. Mads Emil skulle hatt gullmedaljen i fjor for sine seks
deltakingar. Fekk han ikkje det, må han hugse den i år. Brage Andre Slettvold
står med 7 i statistikken og deltek for åttande gong.
Denne familien er eit
kroneksempel på samspel på tvers av generasjonane. Her er det besteforeldre som
tek barnebarn med på felles aktivitet til fremje av folkehelsa. Langt viktigare
enn mange er klar over! Og farta; den bestemmer ein sjølv – i Konradløpet er
den langt frå det viktigaste.
Velkomen til Brunstad
grytidleg 1.mai 2014 !!
Siste fra Velledalen Idrettslag

Rapport frå idrettsskulen
31.01.2025

Juleavslutning for sirkeltreningsgjengen
20.12.2024

Svein og Fridtjof gjennomførte med glans
05.03.2024

220 noteringar i skogsvegen Drabløs
05.03.2024

Er det aktivitet på trimpostane…?
01.03.2024