Svein og Kjell Magnar i rute
Postet av Velledalen Idrettslag den 15. Feb 2014
Snø har vore
mangelvare lokalt denne vinteren. Skirenn vert avlyste stadig vekk her i
fylket, men vil ein reise til Austlandet er tilboda mange.
Laurdag 15.
februar var svært mange løparar frå Møre og Romsdal på plass i Gudbrandsdalen
(Kvam), der turlangrennet Furusjøen Rundt (45 km) samla over 700 påmelde.
Av resultata
til våre tre kan vi slå fast at både Svein Arne Nakken og Kjell Magnar Berli er
godt i rute til å greie nye birkebeinermerke i mars. Begge med seeding dei kan
vere nøgde med. Karstein Jensen reknar vi med seeda seg fram fleire puljer
gjennom løpet, særs nyttig med tanke på «Birken». Her er utvalde resultat:
M 25
17. Kjell
Magnar Berli, Velledalen IL, 2.36.42
M 30
4. Knut Anders
Hatlen, Stranda IL, 2.14.47
M 45
14. Svein Arne
Nakken, Velledalen IL, 2.28.26
26. Fridtjof
Fredriksen, Sykkylven IL, 2.41.50
M 50
50. Karstein
Magne Jensen, Velledalen IL, 3.34.00
M 55
6. Harald
Starheim, Valldal IL, 2.28.15
Siste fra Velledalen Idrettslag

Rapport frå idrettsskulen
31.01.2025

Juleavslutning for sirkeltreningsgjengen
20.12.2024

Svein og Fridtjof gjennomførte med glans
05.03.2024

220 noteringar i skogsvegen Drabløs
05.03.2024

Er det aktivitet på trimpostane…?
01.03.2024