Status trimpostar – Sæteelva i Holemarka
Postet av Velledalen Idrettslag den 14. Feb 2014
VIL-Nett sin meldar var på
posten i Holemarka 14. februar om lag klokka 10.00. Godt vintervêr gjer at
totalbesøket er større enn normalt. Heile sju personar hadde over 30 turar. Her
er lista:
95 turar: Elling Hole
64 turar: Per-Gunnar
Holmberg
44 turar: Ingrid Hole
40 turar: Nils Terje
Skylstad
35 turar: Ann-Helen Hole
31 turar: Tatiana Brunstad
30 turar: Kjellaug Ulset
Elling har gjort eit rykk
og har tilsynelatande kontroll. Per-Gunnar held andreplassen, men nærmar seg
drivhussesong, og vil venteleg dette nedover på lista. Vi har før skrive om
polakkar høgt på lista på trimposten Skogsvegen Hjorthol. I dag gratulerer vi
Tatiana Brunstad med flott sjetteplass førebels i Holemarka. Truleg finn vi
Tatiana på topp-5 når sesongen er slutt. Imponerande av Kjellaug Ulset på 85
år, og ikkje minst Oddmund Skylstad på 90, som også denne sesongen har fleire
noteringar.
I dagane framover vil det
kome fleire oppdateringar.
Siste fra Velledalen Idrettslag

Rapport frå idrettsskulen
31.01.2025

Juleavslutning for sirkeltreningsgjengen
20.12.2024

Svein og Fridtjof gjennomførte med glans
05.03.2024

220 noteringar i skogsvegen Drabløs
05.03.2024

Er det aktivitet på trimpostane…?
01.03.2024