Konradløpet - Påmeldingsnytt 7

Postet av Velledalen Idrettslag den 8. Feb 2014

Påmeldingane sig inn til
Konradløpet 2014. No har vi deltakarar frå Stavanger i sør (ser då vekk frå
polakkane våre) til Bardufoss i nord, men ingen frå langt meir sentrale strok
som Søvikdal, Ramstaddalen, Hundeidvika, Ikornnes eller Straumgjerde. Men dei
kjem nok, berre dei får lagt OL bak seg.

I fjor deltok ein debutant
i Konradløpet med namnet Håkon Melseth. Frå Bardufoss, men som det går fram av
etternamnet med slektsband til Sykkylven. Karen var meir enn sprek.
Sjefstidtakaren vår, Ove Skylstad, klokka han inn til sterke 15.38. Ei tid som
heldt til tredjeplass, berre sekundet bak andremann Simon Indrebø Halvoren.

Truleg likte Håkon Melseth
det han opplevde. I alle høve har han meldt seg på, saman med Adrian Nymo
Melseth, også i 2014.

Arrangørstaben set pris på
langvegsfarande gjestar.