Konradløpet – Påmeldingsnytt nr. 6
Postet av Velledalen Idrettslag den 2. Feb 2014
Det er ikkje mange
debutantar som gjer Konradløpet på tida 16.17. Glenn Harald Tafjord gjorde det.
I fjor – i ein alder av over 40 år, noko som gjer det heile enno meir
imponerande.
Med denne tida ligg han på
30. plass på statistikken over beste menn gjennom alle tider.
Av dei påmelde hittil er
Glenn «kvassaste kniven i skuffa» på herresida, om vi går etter tidlegare oppnådde
tider. Velledalen IL ynskjer Glenn Harald Tafjord velkomen til sitt andre
Konradløp, 1.mai i 2014 – det er mindre enn tre månader att. På tide og melde
seg på for alle som vil trene fram mot eit enkelt mål – eit mål absolutt alle
kan gjennomføre.
Siste fra Velledalen Idrettslag

Rapport frå idrettsskulen
31.01.2025

Juleavslutning for sirkeltreningsgjengen
20.12.2024

Svein og Fridtjof gjennomførte med glans
05.03.2024

220 noteringar i skogsvegen Drabløs
05.03.2024

Er det aktivitet på trimpostane…?
01.03.2024