Idrettsregistreringa fullført

Postet av Velledalen Idrettslag den 1. Feb 2014

Registreringa er temmeleg
omfattande. Det totale medlemstalet (166) skal meldast inn. Like eins talet på
aktive i kvar gruppe og alderen på desse. Har ein idrettsskule må den meldast
inn, saman med antal aktive i tre ulike aldersgrupper, delt opp i jenter og
gutar.

Av anna som skal meldast
nemner vi:

Leiar hovudlag (Atle
Hole), ansvarleg politiattestar (Marit Hole), kontaktperson langrenn(Svein Arne
Nakken), kontaktperson friidrett (Alf Petter Bøe) og kontaktperson idrettsskule
(Svein Ole Sørensen)

All post frå idrettskrins
og forbund vert sendt til dei personane som er meldt inn som kontaktpersonar.
Dersom denne personen ikkje er leiar i gruppa, må sjølvsagt posten sendast
vidare til rette vedkomande.

Dei rapporterte tala i
Idrettsregistreringa dannar mellom anna grunnlaget for utbetalinga av statslege
Aktivitetsmidlar, noko som for VIL sin del siste åra har dreia seg om +- 20 000
kroner.