Helge Nygård til minne
Postet av Velledalen Idrettslag den 31. Jan 2014
Eg vart kjend med Helge i
Fjellsæterrundekomitéen. Der var han Ikornnes IL sin representant i kring 20
år. Laget hans hadde kvart år ansvaret for trimdelen, pluss at Helge var statistikkførar.
Ein krevjande jobb då det på det meste var over 500 deltakarar i året, medrekna
trimdelen.
Difor var Helge mannen i
komitéen med flest arbeidstimar pr. år. Det vart etter kvart mange namn og
halde greie på. Men Helge var ærekjær og heldt full kontroll over kartoteket. Utan
bruk av moderne hjelpemiddel.
Helge vart æresmedlem i
Ikornnes IL for sitt sterke engasjement. Han fekk Sykkylven kommune sin
kulturpris og pris for innsatsen i båtforreininga. Helge brann for skisport,
for stadion, klubbhus og den nye Idrettsparken. Men han var ikkje berre
idrettens mann. Båthamna, båtforeininga, friluftsbadet og Verkstaden Bistro - Helge hadde mange jarn i elden.
Erlend Lunde heldt ein
gripande tale over Helge. Mellom anna framførde han eit eigenprodusert dikt - beint fram eit kvalitetsverk - som gjekk rett til hjartet på dei fleste. Tittelen var «Eldsjela», og det skildra livet
på Ikornnes, med og utan Helge.
I vakkert vintervêr, med
sol og skarp luft, og til postludiumtonar frå Vårsøg, vart Helge Mathias Nygård
ført til sin siste kvilestad. Ein uredd soldat i Tordenskiold sin hær
har lagt ned ferdastaven.
For idrettsvener i Velledalen
IL
Atle Hole
Siste fra Velledalen Idrettslag

Rapport frå idrettsskulen
31.01.2025

Juleavslutning for sirkeltreningsgjengen
20.12.2024

Svein og Fridtjof gjennomførte med glans
05.03.2024

220 noteringar i skogsvegen Drabløs
05.03.2024

Er det aktivitet på trimpostane…?
01.03.2024