Good luck, Bengt!
Postet av Velledalen Idrettslag den 6. Jan 2014
Og sidan vi er på jakt
etter gutebloggarar, er du hjarteleg velkomen til å dele tankar og opplevingar
frå militærlivet med alle andre som les VIL-Nett. Det treng ikkje vere lange «avhandlingar»,
nokre få ord om stoda er nok.
Eksempelvis korleis du ser
på 16.mai-kampen mellom Stranda-Sykkylven, kva lag du kjem til å spele på, om
skiføret er bra i indre Troms, om det knirkar under skoa, om du frys på øyrene,
om du kjem deg opp om morgonen og om lungemosen glir glatt ned. Altså det
kvardagslege
Så lenge ingen gutebloggar
har meldt seg, kan vi ikkje anna gjere enn å vise til Henrik Johan Holmberg sin
USA-blogg. Der er førebuingane til ein viktig sesong i gang. Held han seg
skadefri burde 7000 poeng vere noko og strekkje seg mot for tikjemparen frå Vik
i 2014. Greier han den poengsummen, kan vi love han at Velledalen IL skal gi
han akkurat den premien han like før jul omtala som «Den finaste han nokon gong
hadde sett» - Ingvart Nilsen sitt trearbeid rosemåla av Solveig Hopland si
stødige hand.
Siste fra Velledalen Idrettslag

Rapport frå idrettsskulen
31.01.2025

Juleavslutning for sirkeltreningsgjengen
20.12.2024

Svein og Fridtjof gjennomførte med glans
05.03.2024

220 noteringar i skogsvegen Drabløs
05.03.2024

Er det aktivitet på trimpostane…?
01.03.2024