Sjølvpinardagen i Geiranger 2014

Postet av Velledalen Idrettslag den 4. Jan 2014

PeThomaz
Godt over 100 personar er
allereie påmelde. Og vi merkar oss at «Pe-Tomasz» og brødrene alt har kome på
lista. Det vil seie at Tomasz Rzadkiewicz er påmeldt i klasse 40-44 år,
Jaroslaw Rzadkiewicz i klasse 45-49 år og Krzysztof Rzadkiewicz i klasse 50-54
år. I same rennet nemner vi at sykkylvingane Per Inge Bjørnestad og Glenn
Harald Tafjord er påmelde i klasse 40-44 år. Bjørnestad er påmeldt i dobbelen,
fyrst sykling opp og ned, så løp til toppen av Dalsnibba. Med andre ord ein
gnallhardt 1. pinsdag i vente for Per Inge.


 Nyskapningen av året har
fått namnet Nibberennet. Det har kome asfalt på strekninga frå Djupvasshytta
til toppen av Dalsnibba. Det muleggjer rulleskigåing. Nibberennet føregår på
rulleski. Frå fjorden i sentrum av Geiranger til toppen av Dalsnibba – det vil
rive bra i lekamen, skulle ein tru. Kanskje noko for deg, Kjell Magnar…?


 Hittil er ingen av
Velledalen IL sine utøvarar påmelde.

Status påmelding 4. januar klokka 09.45:

73 påmelde i Nibberittet

28 påmelde i Nibbeløpet

9 påmelde i Nibbedobbelen

4 påmelde i Nibbeløpet Mini

4 påmelde i Nibbemarsjen 21

0 påmelde i Nibberennet