Ramstaddalsløpet i hamn
Postet av Velledalen Idrettslag den 12. Okt 2013
Arr.komite med ankermannen i midten
Då er nok ein
stafettdugnad over. Praktfullt vêr fylgde pinnen heile vegen. Så vidt over null
grader ved start, langt varmare etter kvart som sola gjorde seg gjeldande.
Her deltok vaksne og born
på lik line. Eldstemann var Paul Hole, i sitt 84. leveår. Dei yngste var nær 80
år yngre. Sjølvsagt var mange av VIL sine aktive på plass, representert med
utøvarar som Nils Skylstad, Kjell Magnar Berli, Svein Arne Nakken, Nancy Eggen.
Spreke Olaf Øien, som har passert 70 – noko ein slett ikkje skulle tru,
avslutta stafetten.
Hilde Riksheim Tandstad, som no studerer i
Oslo, og som har flest KM-titlar på friidrettsbana for Velledalen IL, var også
på plass. Like eins studentar som til dagleg er å finne i Bergen og Trondheim,
pluss fleire utøvarar som representerer andre klubbar, som familien Bjørnestad
og Rindal IL sin Alf Petter Bøe.
Sistnemnde sat i
arrangementsstaben saman med Svein Arne Nakken. Opplegget kring årets
stafettdugnad var Alf Petter og Svein sitt verk. Gjennom VIL-Nett ynskjer dei
takke samtlege som var i aksjon for strålande innsats.
Sluttida spør du..?
Ikkje på langt nær det
viktigaste, men 3.51.48 sidan du spør.
Då gløymer vi
hundredelane, som var 29.
Siste fra Velledalen Idrettslag

Rapport frå idrettsskulen
31.01.2025

Juleavslutning for sirkeltreningsgjengen
20.12.2024

Svein og Fridtjof gjennomførte med glans
05.03.2024

220 noteringar i skogsvegen Drabløs
05.03.2024

Er det aktivitet på trimpostane…?
01.03.2024