Hardhausar også i Velledalen
Postet av Velledalen Idrettslag den 16. Jul 2013
Christina frå sin tur, her på Holetindane
TRIMGRUPPESJEFEN.
Så vidt vi veit starta det med Nils Terje Skylstad, trimpostane sin
far. 24. juli 2008, i ein alder av 50 år, starta han frå heimen sin klokka
08.00 kan ein lese i idrettslaget sitt nettarkiv. Nils tok posten i Holemarka
som fyrste post, før han heldt fram til Myrdalsfjettet og Holetindane.
Ekstremt varmt
.
Planen var at Nils skulle ta alle postane, som den gong var tolv (Brune og
Brunstadkølen mangla i høve til i dag). Men Nils sin tur gjekk på kanskje
varmaste dagen sommaren 2008 – og han gjekk utan støtteapparat. Difor fann han
det mot slutten av dagen rett å kutte ut
posten i Riksheimdalen. Nils avslutta med Koppen og skogsvegen Hjorthol som dei
to siste postane.
FAKTA TUR 1:
NAMN
: Nils
Terje Skylstad (50)
DATO:
24.
juli 2008
TOK POSTANE:
Holemarka – Myrdalsfjellet – Holetindane – Brunstadsætra – Vellesætra - Regndalen – Høgsætra – skogsvegen Fet – skogsvegen Drabløs – skogsvegen Hjorthol
– Koppen
START/MÅL
:
Heimen på Hole
TID:
14
timar akkurat
LANGRENNSLØPAREN KENNETH
. Så gjekk det to år. Trimpostane var no 13 i talet og
Kenneth Fet, då 18 år, ville ta alle på kortast mogleg tid. Han var fysisk vel
budd, med eit solid støtteapparat i bakhand då han la i veg frå heimen sin 15.
august i 2010. Kenneth tok Høgsætra som fyrste post, før han heldt fram til
skogsvegen Fet og skogsvegen Drabløs.
Feilval mot slutten.
Med ungt pågangsmot som viktig ballast gjekk det rekordraskt unna med
Kenneth.
- Til han byrja på
Regndalen, med vel halvparten av postane
unnagjort, kunne det ikkje gått stort radigare unna, fortel far til Kenneth,
Pål Rune.
Men slutten med tunge
stigningar til Holetindane og Myrdalsfjellet vart harde. Ned frå Myrdalsfjellet
vart det satsa på noko som var tenkt å bli ein snarveg, men som vart det stikk
motsette. Kanskje så mykje som ein time i tidstap.
VIL-Nett snakka med Kenneth like etter
siste post ved sætreelva i Holemarka:
- Eg kjenner at
kroppen har vore med på noko den vanlegvis ikkje plar vere med på, sa ein då
tydeleg prega 18-åring, som eksperimenterte litt om kroppen likte best gåing
eller jogging i letterrenget mot Lødøen.
FAKTA TUR 2:
NAMN:
Kenneth Fet (18)
DATO:
15.
august 2010
TOK POSTANE:
Høgsætra- skogsvegen Fet- skogsvegen Drabløs – Riksheimdalen – Brune- Koppen - skogsvegen Hjorthol – Regndalen – Vellesætra – Brunstadsætra – Holetindane - Myrdalsfjellet – skogsvegen Holemarka
START/MÅL:
Heimen på Fet
TID:
15
timar 36 minutt
JENTE PÅ HAUSTTUR.
Den mest kompliserte turen var i regi av Christina Holmberg. Det seier
seg sjølv at det er ikkje er gunstig å starte på ein slik tur i oktober. 3.
oktober 2012 la Christina Holmberg (19) i veg frå heimen i Tregardane. Og tøft
vart det!
Stålis, mørkt og baklengs.
Temperaturmessig kan hausten vere gunstig, ein slepp
i alle fall ekstrem varme slik Nils fekk. Og det gjekk lenge bra med Christina.
Ho la til og med inn ein god fiskemiddag hjå bestemora Gunnvor. Ved passering
Hole var ho med godt mot. Men tøffaste delen med mørk kveld/natt stod att.
Christina er den einaste som hittil har
lagt turen over Nibbebreen på veg til Holetindane. Det vart kveld, vêret klarna
opp, med kulde i høgda. Isen på breen var knallhard og Christina var i trøbbel.
Med onkelen, Per-Gunnar, som mentor berga ho seg. Men problema var ikkje over.
I mørkret fann ho ikkje råsa frå Brunstadsætra til Vellesætra. Etter noko
leiting gav ho opp og kryssa over elva. Mot Vellesætra som siste post måtte
Christina gå baklengs, fordi det var minst smertefullt for verkande bein. Ho
fullførte, men det vart 4. oktober før slitet var over, og kanskje var det bra
det var natt då ho «spaserte» heimatt frå Brunstad.
FAKTA TUR 3:
NAMN:
Christina Linnea Holmberg (19)
DATO:
3. og
4. oktober 2012
TOK POSTANE: Skogsvegen
Hjorthol – Koppen – Brune i Straumgjerde – Riksheimdalen – skogsvegen Fet - Høgsætra – skogsvegen Drabløs – Regndalen – skogsvegen Holemarka - Myrdalsfjellet – Holetindane – Brunstadkølen – Brunstadsætra - Vellesætra
START/MÅL:
Heimen i Tregardane
TID
: 1 døgn,
3 timar og 21 minutt – eller: 27 timar 21 minutt
I desse dagar bygg ein ny
person seg opp til turen innom trimgruppa sine 14 trimpostar, utan bruk av
sykkel eller bil mellom postane. Vert vêret lagleg, blir turen gjennomført i
veke 29.
Du får ikkje namnet i dag,
men ruta vert mest lik den Nils tok, men altså med tre postar i tillegg. Det
vert meldt til VIL-Nett at postruta vert som fylgjer:
Sætreelva i Holemarka - Myrdalsfjellet – Holetindane – Brunstadkølen – Brunstadsætra – Vellesætra - Regndalen – skogsvegen Drabløs- Høgsætra – skogsvegen Fet – Riksheimdalen - Brune i Straumgjerde – Koppen – skogsvegen Hjorthol
Atle Hole
16. juli 2013
Siste fra Velledalen Idrettslag

Rapport frå idrettsskulen
31.01.2025

Juleavslutning for sirkeltreningsgjengen
20.12.2024

Svein og Fridtjof gjennomførte med glans
05.03.2024

220 noteringar i skogsvegen Drabløs
05.03.2024

Er det aktivitet på trimpostane…?
01.03.2024