Stor idrettshelg
Postet av Velledalen Idrettslag den 6. Jul 2013
6.juli klokka 09.00 går
startskotet for Hornindal Rundt – også kalla Norges tøffaste fjelløp. Og tøft
er det. Lengste alternativet er 75 kilometer med 5600 høgdemeter og ein skal
innom 20 postar. Stian Mork deltek i eit kortare alternativ med lengde på 38
kilometer, 2900 høgdemeter og 11 postar. Evig nok vil vi tru. Stian er den
einaste frå VIL av 220 førehandspåmelde. Der finst og eit kortare alternativ,
eit Miniløp på 6,2 kilometer frå Sandgrova til Horndøla bru via Muldsvorhornet.
Ikkje langt unna vert Hellesyltløpet
arrangert med to løypealternativ. Det lengste er 6,6 kilometer, det kortaste
kring 1,5. Også her med lokal deltaking, noko vi kjem tilbake til.
Lokalt minner vi om
trimgruppa sin grillkveld på Brunstadsætra. Her er det ingen konkurranse, og vi
reknar med at gruppa har nok – og velsmakande – mat til alle. Som vanleg med
trimbingo på veg opp til sætra.
Og vi gratulerer trimgruppa med eit aldri
så lite jubileum. Grillkveld nummer 25 – godt jobba av ei driftig gruppe!
Siste fra Velledalen Idrettslag

Rapport frå idrettsskulen
31.01.2025

Juleavslutning for sirkeltreningsgjengen
20.12.2024

Svein og Fridtjof gjennomførte med glans
05.03.2024

220 noteringar i skogsvegen Drabløs
05.03.2024

Er det aktivitet på trimpostane…?
01.03.2024