Gratulerer Terje!

Postet av Velledalen Idrettslag den 26. Mai 2013

Velledalen IL
har mange medlemar utanom Velledalen. Ein av dei med klart lengst fartstid er
Terje Aurdal, ein kar som har markert seg på ymse positive måtar i laget vårt.
Kanskje i større grad enn dei fleste veit.

Terje har i
alle år sysla med idrett. Hovudsakleg langrenn og springing. Terje Aurdal var
den store pådrivaren då Velledalen IL i fem år hadde herrelag – og damelag i
tre eller to - i Holmenkollstafetten i Oslo. Dette var i fyrste halvdel av
1980-åra, og det var ikkje så reint lite organisering som skulle gjerast for at
alt skulle klaffe. Terje tok dei tyngste børene i så måte, og alle kom
heilskinna heim med gode minne kvar gong. Og bestetida til herrelaget var høgst
respektable 54.42.

Størstedelen
av tida som aktiv representerte Terje Sykkylven IL. Men midt på 1980-talet
hoppa han over til Velledalen IL. Det gav klubben KM-tittel over 3x10 km
stafett i Ørsta i 1985, 33 år etter Jon C. Brunstad, Ole L, Paul og Olav P.
Hole hadde gjort like eins i same kommune (1952). I 1986, hans siste sesong som
seriøstsatsande, vann Terje KM-tittel over 15 km i seniorklassa på Vatne. Berre
ein mann før han i Velledalen IL si 107-årige soge har vunne eit senior-KM i
individuelt langrenn i herreklassa, nemleg Olav P. Hole i 1951. Eit fall ned ei
kjellartrapp gjorde at han ikkje fekk stille då klubben skulle gjere det heilt
store i stafetten om fylkesmeisterskapet, men det må seiast at reserven Bård
Erstad var ein god erstattar.

Terje Aurdal
kjempa hardt som friidrettsleiar i SIL for og behalde friidretten på Sykkylven
stadion. Denne kampen tapte han. Sidan den gongen har Terje vore vår mann, og
mange i gruppa hans og miljøet rundt han fylgde i same spora. Tradisjonsrike
Sykkylven Halvmaraton enda óg sine dagar i etterkant av denne hendinga.

Terje har mang
ein gong tromma saman lag til «Stafetten for alle» i Lom-traktene. Her lokalt
har han hatt godhug for prosjektet «Sykkylven Rundt». Det vart eit prøveår i
2009, før ein satsar med nytt konsept og ny giv den 7. september i 2013

Terje har
elles vore bygda Sykkylven sin føregangsmann på langløp i utlandet. Han var den
fyrste som gjekk Vasaloppet, og han har vore pioner i ei rekkje andre land, no
sist vinter i Finland.

Terje Sigbjørn
Aurdal har Konradmedaljen i gull!

PS. Terje har
førebels ikkje levert idrettsminne til Velledalen IL (enno ikkje for seint). Vi
tek med eit anna idrettsminne som skildrar litt av livet kring ei deltaking i
Holmenkollstafetten på 1980-talet.

GRATULERER med
jubileumet, Terje!

På vegne av
idrettsvener i Velledalen IL

Atle Hole

 Idrettsminne finn du her