Korleis kom Abdulaziz til Konradløpet
Postet av Velledalen Idrettslag den 11. Mai 2013
Karar som er lette på foten som Abdulaziz Ibrahim frå Eritrea er langt frå kvardagskost i Velledalen. Mannen vart påmeldt av Karl Egil Brunstad, som no bur i Tingvoll kommune. Slik vi forstod det var Abdulaziz på eit asylmottak der oppe.
Kvalifikasjonane til mannen var ikkje nemnd i påmeldinga. Vi tok teknologien i bruk og prøvde «google» han. Men nei, ikkje noko der sa oss at vi fekk ein storløpar til Velledalen.
Det finst vel middelmådige løparar i Eritrea òg, tente vi.
Men der tok vi feil, og såleis kom det litt uventa på arrangørstaben at denne mannen kom til mål i rekordfart. Forholda var heller ikkje ideelle. Det var kaldt og småglatt (særleg på hovudvegen). Abdulaziz Ibrahim var suveren. Nær eitt og eit halvt minutt hadde han til gode på hardaste konkurrent. Sluttida vart 14.11, ei tid han heilt sikkert kunne pressa lenger ned om han måtte, var ny løyperekord med 37 sekund
Takk til Karl Egil Brunstad som tok kapasiteten med til Velledalen. Og han er sjølvsagt
velkomen tilbake om han blir på Nordmøre.
Til slutt tek vi med ei helsing som viser at også Jon C Brunstad rakk helse på den framifrå gode løparen frå Eritrea før livet tok slutt. Eit augeblink som truleg tok minna til Jon tilbake til eigen ungdom og tida som stafettløpar for Velledalen IL.
Tusen takk for kondolansen og dei gode minneorda. Eg kan forsikre at det er til lindring og trøyst.
Far min fekk helse på vinner og løyperekordholder av Konradløpet 1. mai - Abdulaziz. Det likte han.
Hels Velledalen IL fra oss.
Beste helsing Karl Egil
Siste fra Velledalen Idrettslag

Rapport frå idrettsskulen
31.01.2025

Juleavslutning for sirkeltreningsgjengen
20.12.2024

Svein og Fridtjof gjennomførte med glans
05.03.2024

220 noteringar i skogsvegen Drabløs
05.03.2024

Er det aktivitet på trimpostane…?
01.03.2024