Velledalsseminaret 2013
Postet av Velledalen Idrettslag den 14. Apr 2013
Det fjerde Velledalsseminaret vert arrangert fredag 19. april klokka 18.30, med temaet «frå akk til takk».
Paul Otto Brunstad, som voks opp i Velledalen, lanserte idéen om ein kulturkveld med djupare innhald mot slutten av året 2009. Han fekk med seg sin gode ven frå grannebygda Stranda, pater Arnfinn Haram, på prosjektet.
Dei to meinte Velledalen grendahus var ein høveleg arrangørstad, sidan dette samlingshuset hadde kort veg til begge kommunesentera. I 2010 vart fyrste Velledalsseminaret arrangert med godt frammøte. Også i 2011 gjekk alt som planlagt. Oppglødd av suksessen fyrste året vart seminaret utvida slik at det andre gjekk over to dagar.
2012 vart eit vanskeleg år. Få dagar før seminaret hadde Paul Otto Brunstad eit fall under ein fjelltur som gjorde at han hamna på sjukehus i staden for i Velledalen. Men Arnfinn Haram var på plass og losa seminaret trygt i hamn. Ikkje lenge etter fall Haram død om under ein sykkeltur.
Difor vert seminaret i 2013 det fyrste utan Arnfinn Haram. Dermed fell dei tyngste taka på sjøkrigsskuleprest, forskar og forfattar Paul Otto Brunstad. Han står no åleine att som ansvarleg for det faglege innhaldet. Han held denne gongen føredrag om det underlege i at livet sine motbakkar kan verte livet sine oppoverbakkar.
Med seg til Velledalen har han i år Ingvard Wilhelmsen. Han er spesialist i indremedisin, fordøyelsesjukdomar og psykiatri. Spesialfeltet hans er hypokondri. Wilhelmsen vil snakke om ansvar og frigjering.
Det vert som tidlegare kulturelle innslag. Matserveringa er inkludert i prisen (kr. 200,-).
Staden er altså Velledalen grendahus, fredag 19.april klokka 18.30
For seminaret sine hjelparar
Atle Jomar Hole
Siste fra Velledalen Idrettslag

Rapport frå idrettsskulen
31.01.2025

Juleavslutning for sirkeltreningsgjengen
20.12.2024

Svein og Fridtjof gjennomførte med glans
05.03.2024

220 noteringar i skogsvegen Drabløs
05.03.2024

Er det aktivitet på trimpostane…?
01.03.2024