Konradløpet 2013: Ivar Ulvedal hovudgjest
Postet av Velledalen Idrettslag den 9. Apr 2013
For dei som måtte vere i tvil; kombinertløparen Mikko Kokslien kjem ikkje, og Marit Bjørgen som vi skreiv om 1. april var aprilsnarr. Men vi er stolte av «erstattaren» og ser verkeleg fram til eit besøk av Ivar Ulvedal.
Han er medlem av IL Veten, eit lite idrettslag i Stryn kommune. Han trenar allsidig, både fotballtrening saman med utviklingshemma, spinning og styrketrening på treningsstudio, i tillegg til masse skitrening.
Ivar voks opp på gard, som nummer fire i ein syskjenflokk på fem. Han er onkel til åtte. Ivar bur i eigen bustad, 18 kilometer frå foreldra. Elles arbeider han ved Stryn arbeidssenter.
Ivar har ein kromosomfeil, Fragil X. Han kan ikkje lese og skrive, men fylgjer likevel godt med på det som skjer lokalt og i verda elles. Han trivst godt i samver med andre og er ein sosial person, men trivst også godt i eige selskap. Han likar musikk, spesielt danseband og viser.
I 2009 deltok Ivar i Special Olympics World Winter Games i Idaho i USA. Greina hans er langrenn, og han kunne stolt vende heim med gull på 5 km og stafett og sølvmedalje på 10 km.
Vinteren 2013 gjekk turen til Pyeong Chang i Sør-Korea. Ny suksess for Ivar som denne gongen kom heim med gull både på 5 og 10 km, ved sida av ein stafettbronse. Samla medaljefangst: fire gull pluss sølv- og bronsemedalje.
Arrangørstaben i Velledalen IL gler seg til Ivar kjem på vitjing. Han skal heilt sikkert dele ut premiar under Minikonrad den 30. april. Ein skal heller ikkje sjå vekk frå at hardhausen frå Veten vert å finne på startstreken under hovudløpet, 1.mai klokka 05.00
Siste fra Velledalen Idrettslag

Rapport frå idrettsskulen
31.01.2025

Juleavslutning for sirkeltreningsgjengen
20.12.2024

Svein og Fridtjof gjennomførte med glans
05.03.2024

220 noteringar i skogsvegen Drabløs
05.03.2024

Er det aktivitet på trimpostane…?
01.03.2024