Oppdatert historikk om Konradløpet og årets løp
Postet av Velledalen Idrettslag den 7. Apr 2013
Han deltok ved fleire høve i Ålesund halvmaraton – også etter han hadde passert 80 år. Konrad likte best å trene tidleg om morgonen, då lufta var reinast. Difor starta løpet klokka 05.00. Ei av dei faste treningsløypene han var ”runden” frå Brunstad til Hole og tilbake, akkurat der Konradløpet går. Andre faste treningsturar var på fjellet Koppen eller gjerne ein kjapp tur på Vellesæta
OM LØPET
Konradløpet vart fyrste gong arrangert i 2002. Det har start og mål på Brunstad, like ved Jokerbutikken. Løypa er 4,5 km lang etter asfalt, og stort sett ganske flatt (mest stigning i fyrste halvdel). Det er drikkestasjon i Holeøyane (etter halve løpet). Starten for hovudløpet går presis klokka 05.00.
Deltakarrekorden i hovudløpet er 372 frå 2006.
DELTAKING
2002: 196 deltakarar
2003: 243
2004: 248
2005: 264
2006: 372
2007: 422 (medrekna Minikonrad)
2008: 398 ( medrekna Minikonrad)
2009: 464 (medrekna Minikonrad)
2010: 395 ( medrekna Minikonrad)
2011: 386 ( medrekna Minikonrad)
2012: 450 (medrekna Minikonrad)
GRATIS FRUKOST
I samband med VIL sitt 100 års jubileum i 2006 vart det spandert gratis frukost på alle deltakarane i Konradløpet. Dette vart så populært at det sidan har vore ein fast tradisjon. Frukosten vert servert i Velledalen grendahus, der det også er garderober, premieutdeling .m.m.
KONRADFILMEN
Odd Kvammen – slektning av Konrad Brunstad – forstod at Konrad var noko utanom det vanlege. Han laga film om Konrad frå dei åra han dreiv som hardast, og der han sjølv fortel om sin fysiske kvardag, om helse og motivasjonen for å drive på. Ein knakande god film, og utan denne filmen hadde det kanskje aldri blitt noko Konradløp. Filmen vart vist i gravferda til Konrad. Ole Petter Berge var sendebod til idrettslaget og den som fyrst ymta frampå om at ”Konrad eigentleg skulle hatt sitt eige løp”.
Det fekk han, og Odd Kvammen har gitt ein film i gåve til VIL, slik at Konrad sine tankar kring mosjon, helse og livsfilosofi elles, kan bli friska opp att i samband med Konradløpet.
MEST KVINNER
Konradløpet – der farta ikkje er viktig, heiter det. Og mesteparten av deltakarane stressar ikkje i løypa. Rett nok er det tidtaking i Konradløpet, men berre av dei hundre fyrste som går over mål. Tidene til 2/3 av deltakarane vert aldri gjort offentlege. Litt spesielt er det òg, at løpet dei fleste åra har samla fleire kvinner enn menn. Ikkje stor skilnad, men om lag 55-45 i kvinnene sin favør. Eit klart prov på at dette er eit ”landevegsløp” utanom det vanlege. I 2012 hadde mannfolka mobilisert. Då enda "kjønnsduellen" 169-169 i Hovudløpet. Løpet i 2013 vil vise om kvinnfolka er på vikande front eller om det berre var eit skippertak frå mannfolka i 2012.
MINIKONRAD
Vart fyrste gong arrangert i 2007. Den gongen var løpet for aldersgruppa 0-13 år, og samla 64 deltakarar. Tilbakemeldingane var positive. Seinare vart løpet utvida til å gjelde aldersgruppa 0-16 år (ut Ungdomsskulen). Løpet vert alltid arrangert kvelden før hovudløpet - altså 30. april - med to startfelt.
Fyrst dei yngste utan tidtaking - start klokka 1830
Like etter 11 år og eldre med tidtaking - start klokka 1900.
Minikonradløypa er 1050 meter lang, 40 prosent på grus, 60 prosent på asfalt.
NB!: Påmelding løpsdagen - i god tid før start.
Her vart samtlege premiert, startkontingent kr 60,- I tillegg vert det delt ut skulepremie til beste trio etter tid for elevar i femte, sjette og sjuandeklasse. Begge kjønn må vere representert, anten to gutar+ éi jente, eller to jenter+éin gut. Denne vart i 2012 vunnen av Ringstad skule (Stranda).I tillegg får beste jente og beste gut tidsmessig ekstrapremie utover deltakarpremien.
Tidlegare har skiskyttar og motbakkeløpar Hans Martin Gjedrem (med fleire NM-gull som senior) kasta glans over premieutdelinga og like eins skihopparen Tommy Lianes (217 meter). Kven som kjem i 2013 er i skrivande stund ikkje klart.
Start og mål same stad som for hovudløpet; Brunstad i Velledalen (ved Jokerbutikken).
Deltakarrekorden i Minikonrad er 112 frå 2012
GRATIS DELTAKING
Det har i alle år vore gratis deltaking for personar med Konrad som føre- eller mellomnamn, og for alle personar over 90 år. Deltaking av personar over 90 år fekk vi tidleg (Tomas Tandstad) men vi måtte utruleg nok vente heilt til 2007 før vi fekk ein person med Konrad-namnet på startstreken. Men då kom det til alt overmål tre på ein gong.
PREMIERING
Minikonrad: Alle premiert – lik premiering. I tillegg skulepremiar (sjå tidlegare i tekseten)
Hovudløpet: Diplom ved fyrste gong deltaking, Konradmedaljen i sølv 3.gong og Konradmedaljen i gull 6.gong. 10 års premie. Vidare vert det trekt premiar på startnummer, der om lag 20 prosent av deltakarane vert premiert – i all hovudsak med gåvepremiar.
Dei tre beste damene og tre beste herrane vert premiert. Ny løyperekord gir 1000 kroner i premiepengar både i dame- og herreklassa.
Harde Fakta
* Deltakarrekord: 464 (Minikonrad inkludert) (2009)
*Løyperekord damer: Hilde Riksheim Tandstad, Velledalen IL, 18.46 (2007 og 2010)
*Løyperekord herrar: Knut Anders Hatlen, Stranda IL, 14.43 (2012)
*Eldste deltakar: Tomas Tandstad deltok i sitt 92.leveår (2004)
*Deltakarnummer 1000: Ilyas Degirmenci (2006)
*Deltaking frå tolv ulike nasjonar
*Utlendingsrekord: Michael Uhlar,Tjekkia, 16.34 (2010)
*Beste Konrad: Konrad Lillebø 19.55 (2007)
*Beste søskenpar (gut/jente): Sondre og Elisabeth Overvoll Hole 35.24
PÅMELDING
Atle Hole tlf 70 25 07 49 – 917 43 761 e-post: atlehole@online.no
eller www.velledalen.net - link til Velledalen idrettslag
Minikonrad: påmelding ved start løpsdagen. Hovudløpet helst innan 30.april
STARTKONTINGENT
Minikonrad: kr 60,- pr.pers
Hovudløpet: Born kr 50,- Vaksne kr 100,- Familie 250 (frukost er inkludert)
Dette gjeld påmelding innan 30. april klokka 1800
Seinare påmelding er mogleg mot tillegg i prisen.
Siste fra Velledalen Idrettslag

Rapport frå idrettsskulen
31.01.2025

Juleavslutning for sirkeltreningsgjengen
20.12.2024

Svein og Fridtjof gjennomførte med glans
05.03.2024

220 noteringar i skogsvegen Drabløs
05.03.2024

Er det aktivitet på trimpostane…?
01.03.2024