Berre 29 av dei 60 ivrigaste er medlemar

Postet av Velledalen Idrettslag den 21. Mar 2013

Sjølvsagt er det skuffande at berre 29 av dei 60 ivrigaste brukarane av Velledalen IL sine trimpostar siste året var medlemar i laget. For trimpostane gjer seg ikkje sjølv. Og slett ikkje summeringa av poeng, oppsetting av topp-5 på kvar post og samanlagtlister basert på poeng. Bøkene skal samlast inn, nye skal leggjast ut og resultata skal ut til det breie lag av folket gjennom årsmelding og VIL-Nett. Av og til må det gjerast vedlikehald og postar sikrast for vêr og vind.

   

Dei fleste tenkjer kanskje ikkje over det - men der står nokon bak dette tilsynelatande knirkefrie opplegget. Nokon som samla kanskje brukar noko slikt som 200 timar med gratisarbeid årleg, for at opplegget skal eksistere og fungere.

  Kasserar Asgeir har laga ein oversikt for dei ulike postane for året 2012, som går på antal medlemskap ut frå topp-5 resultata frå kvar post. Den ser slik ut:


KOPPEN: 4 på topp-5 lista medlemar i VIL


SKOGSVEG FET: 4 av topp-5


MYRDALSFJELLET: 3 av topp-5 hadde medlemskap


HOLETINDANE: 3 av topp-5


HOLEMARKA: 3 av topp-5


SKOGSVEG HJORTHOL: 3 av topp-5


VELLESÆTRA: 2 av topp-5


REGNDALEN: 2 av topp-5


RIKSHEIMDALEN: 2 av topp-5


BRUNSTADSÆTRA: 1 av topp-5


BRUNE STRAUMGJERDE: 1 av topp-5


HØGSÆTRA FET: 1 av topp-5

   

Tenk over dette når sesongen no tek laust for alvor. I alle fall mellom dei ivrigaste brukarane ventar vi eit oppsving i 2013. Målet for sesongen er at 40 av personane på topp-5 listene skal vere medlemar ved utgangen av året

   

Kontingenten for 2013 er 100/200/400 for born/vaksen/familie. Eller det kan betalast støttemedlemskap med valfri sum. Kontonummeret er: 4045.10.23537

   

I samband med ein medlemskapsaksjon som går fram til 1.juli, vert det trekt tre premiar mellom alle som har betalt, med kunngjering av vinnar fylgjande datoar:


30. april


30. mai


30. juni