Terje Aurdal nummer 871 i Finland

Postet av Velledalen Idrettslag den 24. Feb 2013

Terje kom på delt 871. plass. Ein plass han delte med Magne Hoel frå Valldal IL. Best i Terje sitt tolvmanns store reisefylgje vart ikkje overraskande Ingvald Knivsflå frå Geiranger. Han gjekk sine 50 kilometer i klassisk stil på 2.55.55, ei tid som heldt til ein sterk 177.plass. Geir Verpeide frå Stranda IL vart nummer 332 på tida 3.10.06.

   

Beste sunnmøring vart voldingen Cato Ryste som gjekk på sterke 2.41.59. Den tida heldt til 63.plass. Rennvinnar vart finnen Kari Varis på 2.20.53.

   

Vi gratulerer Terje Aurdal med prestasjonen, der han på finsk jord


la kring 75 prosent av deltakarane bak seg. Bra gjort av ein mann som nærmar seg 60 med stormsteg.