Smånytt
Postet av Velledalen Idrettslag den 22. Feb 2013
Alperittet vert arrangert i Hevsdalen laurdag 23. februar i ei redusert løype. På grunn av snøforholda er det ikkje muleg med målgang i sentrum. Vi reknar med å finne lokale heltar mellom dei startande, og vil kome med resultat derifrå i løpet av helga.
Bengt Hole Alnes er ferdig med ein lengre skadeperiode, men teikna seg likevel på scoringslista då hans nye klubb, Stranda, tapte 2-5 mot Norborg frå 4.divisjon. Friskt gjort av Bengt som vi trur vil greie seg utmerka godt i 3.divisjon, anten han spelar i angrep eller forsvar. Resultatmessig bør ikkje treningskampar på denne tida av året vektleggast særleg tungt.
Dei lokale turlangrenna har hatt ein krisesesong. Isfjorden Rundt vart arrangert sist helg med 28 deltakarar. Svartløken Rundt vart ikkje arrangert på grunn av skogsdrift i løypetraséen. Fjellsæterrunden vart avlyst for andre gong sidan den spede starten med eit prøverenn i 1978. Årsak lite snø og mykje vatn. Dei to seedingsrenna i rimeleg nærleik, Skardilten i Molde og Tverrfjelldilten i Markane, samla høvesvis 115 og 109 deltakarar. Sykkylven kommune har kring ti løparar som skal gå Birken i mars, men anten du trur det eller ikkje; Isfjorden Rundt, Skardilten og Tverrfjellrunden gjekk alle utan ein einaste sykkylving mellom deltakarane.
Kring 1.mars opnar påmeldinga til årets Konradløp. Då er det berre å hive seg frampå. Vi minner om at alle med Konrad som føre- eller mellomnamn har gratis deltaking. Det same har alle over 90 år. I 2012 deltok 169 kvinner/jenter og 169 menn/gutar i hovudløpet. Minikonrad samla 112 deltakarar. Totalt 450
Vi beklagar at «vår mann» i ski-VM, kombinertløparen Mikko Kokslien, er sjuk. Difor deltok han ikkje i dag. Om han rekk storbakkerennet eller lagkonkurransen står att og sjå. Mikko som har tre pallplassar i verdscupen hittil i sesongen, er invitert til Velledalen som premieutdelar under Minikonrad 30.april. I 2011 camperte han saman med ein kamerat på Vellesæterhytta, eit opphald som gav fleire flotte skiturar i snøkledde velledalsfjell.
Siste fra Velledalen Idrettslag

Rapport frå idrettsskulen
31.01.2025

Juleavslutning for sirkeltreningsgjengen
20.12.2024

Svein og Fridtjof gjennomførte med glans
05.03.2024

220 noteringar i skogsvegen Drabløs
05.03.2024

Er det aktivitet på trimpostane…?
01.03.2024