Årsmelding – Hovudstyret 2012

Postet av Velledalen Idrettslag den 18. Feb 2013

Laget har i siste arbeidsår berre hatt fire styremøte der heile hovudstyret har vore innkalla. Men det har vore mange møter i mindre grupperingar, eksempelvis med gruppeleiarane før aktivitetsdagen. Like eins har styret for Førjulsmessa hatt mange møter. Det ein kan kalle «store saker», har det vore lite av i siste arbeidsår. Frammøtet har vore brukbart, med tanke på at fleire jobbar skift. Elisabeth Urke har framleis fungert som ullmax-ansvarleg, siste året frå ein posisjon utanom styret.


 MEDLEMSTAL:
   

Medlemstalet er diverre det lavaste vi har hatt siste tiårsbolken. Her må det gjerast grep. Saka vart drøfta på siste styremøte. Ein kom til at årsakene var fleire, men den største svikten ligg i svake purrerutiner.

   
   Laget har seks æresmedlemar, fem menn og ei kvinne. Éin over 90 år, éin 80-90, éin 70-80, tre 50-60.
     
   
   
     
   
    ØKONOMISK SOLID
      
   
   Økonomien er, nær sagt som vanleg siste åra, god. Viser til reknskapstala, men nemner at største inntektskjelda siste året var Førjulsmessa med kring 70 000 kroner netto (delt på to). Grasrotmidlane kjem som ein god nummer to. Her kom inn 26 762 kroner i 2012
     
   
   Oversikt over grasrotkroner - og grasrotspelarar ved utgangen av året (i parentes):
     
   
   2009: 15 736 (55)
     
   
   2010: 23 248 (73)
     
   
   2011: 23 656 (76)
     
   
   2012: 26 762 (81)
     
   
   
     
   
   Lokale firma som Holmberg gartneri, Morten Holmberg, Hole Maskiner og har vore solide støttespelarar i 2010. I tillegg har ei lang rekkje firma og
     
   
   organisasjonar bidrege med premiestøtte til arrangement som Konradløpa, Fjellsæterrunden, Førjulsmessa med fleire. Stor takk til premiekomitéen (Odd-Kåre, Marit og Linn Tove) for ein kjempejobb på dette feltet!
     
   
   
     
   
    ULLMAX
      
   
   Sal av ullmaxunderty vart starta andre halvår 2006, etter at Morten Holmberg hjelpte oss
     
   
   gjennom nålauget. VIL sit att med om lag 30 prosent av salssummen. Elisabeth har gjort
     
   
   ein kjempeinnsats på dette feltet også i 2012.
      VIL hadde eigen stand under Førjulsmessa, drifta av Elisabeth, med godt sal. I tillegg til Elisabeth burde «teamet» vore styrka med minst éin person, helst frå styret. Potensialet er langt større enn vi tek ut.
     
   
   
     
   
    ARRANGEMENT
      
   
   VIL har hatt mange arrangement siste året, noko som er breiare skildra i gruppene sine
     
   
   årsmeldingar. Av arrangement som etter kvart har vorte meir eller mindre faste nemner vi:
     
   
   
     
   
   GRILLKVELD BRUNSTADSÆTRA
     
   
   FJELLSÆTERRUNDEN
     
   
   MINIKONRAD
     
   
   KONRADLØPET
     
   
   KOLDABAKKEN GRAND PRIX
     
   
   DET STORE FOLKERENNET – vart ikkje arrangert
     
   
   FETVATNET RUNDT – vart ikkje arrangert
     
   
   AKTIVITETSDAG
     
   
   RAMSTADDALSLØPET
     
   
   FØRJULSMESSA
     
   
   ROMJULSMARSJ
     
   
   
     
   
   I tillegg kjem fleire mindre aktivitetar, renn og arrangement som vil varierer frå år til år
     
   
   
     
     
   
   
     
   
    ANLEGG
      
   
   I 2010 skreiv Velledalen IL og VRF under ein ny avtale vedkomande Dalemyra grasbane. Denne avtalen gjeld enno. Eit nytt fotballsamarbeid er under emning, det kan vere naturleg med ei justering av avtalen i det høvet.
     
   
   
     
   
   
     
     
   
    REPRESENTASJON
      
   
   Linn Tove Akselvoll Lade har vore VIL sin representant i styret for Lag på Lag. Samskipnaden har hatt ei rekkje arrangement for å skaffe pengar til Velledalen grendahus. 148 000 vart samla inn i 2012.
     
   
   Odd Kåre Fet representerer Velledalen IL i styret i Sykkylven Idrettsråd.
     
   
   
     
   
    STORT & SMÅTT
      
   
   Har ikkje kome ut siste året. Arbeidet med heimesida har hatt høgare prioritet.
      
   
   
     
   
    HEIMESIDA
      
   
   VIL fekk eiga heimeside i desember 2007. Den ligg som link under www.velledalen.net.
     
   
   Sida har heile tida hatt god utvikling, med ein auke i antal treff kvart år. I 2012 vart det lagt ut 510 ulike saker, ein solid auke frå 376 året før. Nettsida er drifta av Liv og Atle Hole. Utviklinga år for år ser slik ut:
     
   
   2008:
      4 169 treff
     
   
   2009: 13 815 treff
     
   
   2010: 19 164 treff – 294 saker
     
   
   2011: 27 659 treff – 376 saker
     
   
   2012: 33 804 treff – 510 saker
     
   
   
     
   
   Gruppene/idrettsskulen må bli enno flinkare til å bruke sida. Alle resultat og nyhende bør
     
   
   meldast. Kjem alt med, er sida ei god hjelpekjelde når gruppene skal skrive årsmeldingane sine.
     
   
   
     
   
   OPPSUMMERING
     
   
   Velledalen IL har hatt eit jamt bra år i 2012. Vi har etter kvart vorte eit idrettslag for heile bygda. Rett nok bur dei fleste av medlemane i Velledalen. Men ser vi på toppverva (gruppeleiarar, idrettsskuleleiar og leiar hovudstyret)i laget, finn ein at 2 bur i Velledalen 2 utanfor. Av dei 12 vaksne som har representert VIL utanfor kommuna i 2012 bur to i Velledalen, ti utanfor. Av laget sine ni KM-titlar dei siste 20 åra er to tekne av utøvarar busette i Velledalen, sju av utøvarar utanom dalen.
     
     
   
   
      Idrettsskulen held stand og er inne i sin 21. sesong under leiing av Julie Brochmann. Eit av måla bør
      vere å få ein meir aktiv barneidrett i laget. Det er å vone at den nye lysløypa kan blåse nytt liv i skirekrutteringa og at friidrettsgruppa kan kome i gang med eit opplegg for yngre. Her hadde ein positive treningar før Konradløpa i 2012
     
   
   
     
      Vi er framleis sterke på arrangementsida med mange gode tilskipingar under trim&trivsel-fana .
     
   
   Her kjem småborn, foreldre og besteforeldre side om side. Dette er styrken vår og vi har hausta mykje ros for dette.
     
   
   
     
     
   
   Sjølv om medlemstalet har stupt, har laget ein høg posisjon mellom folket. At VIL i skrivande stund har nøyaktig like mange grasrotspelarar som VRF, Velledalskoret og Velledalen skulekorps tilsaman (82),
      ville vore heilt utenkjeleg for berre 10-15 år sidan. Dette har med omdømebygging å gjere. Her har vi sterke kort i Romjulsmarsjen, Ramstaddalsløpet, Konradløpa, Fetvatnet Rundt, Grillkveld på Brunstadsætra og Det Store Folkerennet – berre for å nemne nokre.
     
   
   
     
   
    IDRETTSGALLA
      
   
   3.jaunar 2013 vart det halde idrettsgalla med utdeling av prisar for året 2012. Desse prisane vart delte ut:
     
   
   «Årets Utøvar 2012»: Nils Terje Skylstad
     
   
   «Folket sin idrettspris 2012»: Svein Arne Nakken
     
   
   «Årets trimpostvinnar 2012»: Vigdis Fure
     
   
   «Årets Overrasking»: Solveig Beate Brunstad
     
   
   «Årets Utflyttar»: Sverre Gunnar Brunstad
     
   
   «Årets Hardhaus»: Andreas Nakken
     
   
   «Timing-prisen»: Eldar Kurseth
     
   
   «Jubilantprisen»: Odd-Kåre Fet
     
   
   «Årets stunt»: Christina Holmberg og Kjell Magnar Berli
     
   
   «Jentebloggprisen»: Hilde Tandstad, Christina Holmberg og Ellen Hole
     
   
   
     
   
   I tillegg vart det delt ut premie til dei ulike trimpostvinnarane, og til dei tre beste samanlaget. Og det vart vist film frå idrettsåret 2012, i ei sosial ramme med kaffi, brus, kake og god prat.
     
   
   
     
   
   Hovudstyret takkar dei mange som har gjort store og små innsatsar for VIL i året 2012.
     
   
   Takka vere alle gode hjelparane kan vi nok eit år slå fast at vi har vore bidragsytarar til den vara vi held som viktigast; TRIM og TRIVSEL til alle lag av folket
     
   
   
     
   
   For Hovudstyret
     
   
   Atle Jomar Hole
     
   
   leiar