Årsmelding 2012
Postet av Velledalen Idrettslag den 12. Feb 2013
Medlemar i gruppa:
Rolf Haxthow
Terje Aurdal
Odd Kåre Fet
Alf Petter Bøe
Hilde R. Tandstad
Ellen Marie Hole
Christina Linnea Holmberg
Arbeidet i gruppa ber framleis preg av ei leiarlaus gruppe. Gruppa skulle sjølv velje leiar, men på det eine møtet som er avvikla lukkast ikkje dette. Som ei fylgje av dette har ikkje gruppa fungert tilfredsstillande. Medlemane i gruppa har likevel delteke i ei rekkje arrangement og ved fleire høve gjort ein god jobb for laget. Men planlegginga og strategien bak arrangementa er i stor grad gjort av andre. Dei tre jentene i gruppa flytta alle ut for vidare skulegang/studiar i august 2012
ARRANGEMENT DER GRUPPA HAR DELTEKE:
Koldabakken Grand Prix
Minikonrad
Konradløpet
Fetvatnet Rundt ikkje arrangert i 2012
Aktivitetsdag
Ramstaddalsløpet
Sjølv om deltakinga varierte sterkt, stort sett suksessfulle arrangement.
Koldabakken Grand Prix samla 15 deltakarar, éin meir enn i 2011. Kjell Magnar Berli fekk bestetid (1.45), ti sekund bak løyperekorden. Hilde Riksheim Tandstad gjorde sterke 2.01 i kvinneklassa, seks sekund føre årets komet, Solveig Beate Brunstad.
Minikonrad samla 112 deltakarar, som er ny rekord. Sterkaste tidene i Minikonrad hadde Solveig Beate Brunstad (4.13) mellom jentene, og Sondre Overvoll Hole frå Stranda med 3.40 mellom gutane. Ringstad skule vann skulepremien med samanlagt tida 13.07 føre Ullavik Skule med 13.33. Ingen gut frå Ungdomsskulen deltok, så bestemannspremien der brann vi inne med. Solveig Beate Brunstad vart beste (og einaste) jente frå skulen.
Konradløpet (det 11. i rekkja) samla nokså nøyaktig 338 deltakarar under gode forhold. Langrennsløpararen
Knut Anders Hatlen frå Stranda
vann, etter hard kamp mot Aleksander Nyheim frå Tomrefjord. Hatlen drog lengste strået med tida 14.48, og sletta dermed Knut Lium sin løyperekord. Mellom jentene var Ragnfrid Aamodt frå Sykkylven raskast med tida 19.36 Elles var det vanleg opplegg med frukost, premieutdeling og film i grendahuset. Fem deltakarar over 80 år deltok.
Det mest spesielle med årets løp var fordelinga mellom kjønna i hovudløpet. Den «kampen» enda utruleg nok 169-169.
Fetvatnet Rundt fekk kvile i 2012 då vi sleit med å finne ein godt eigna dato for arrangementet
Aktivitetsdagen er eit positivt arrangement der unge og eldre møtest til felles kappestrid. Øvingsutvalet varierer litt frå år til år. Denne gongen mellom anna spydkast, idrettsmerkeprøver (spenst, løp og kast), Null-løp, hesteskokasting, plommesteinspytting. Mange gjer unna tyngda av idrettsmerkeprøvene denne dagen. Per-Gunnar Holmberg vart klubbmeister i Null-løp med 0 i avvik, Kenneth Brunstad fekk høgast poengsum i hesteskokasting og ingen slo Torje i plommesteinspytting – som vanleg.
Sykkylven Rundt skulle arrangerast i samarbeid med Brøvøllsfestivalen. Terje Aurdal og Rolf Haxthow la med mykje og godt arbeid på førehand. Oppmåling av etappar, løypeskildring, innkjøp av premiar og innbyding
- kort sagt alt som høyrer med. Diverre fekk karane ikkje betalt for innsatsen, då antal påmelde lag var så lavt at arrangørstaben ikkje såg seg syn
med heile arrangementet. Drahjelpa frå festivalstyret var heller ikkje all verda, slik at no er heile konseptet lagt vekk i ei skuffe.
Ramstaddalsløpet
samla 42 personar då det vart avvikla den 29. september. Som vanleg ei fin blanding av gamle og unge. Sluttida vart i år 4.01.49., Etter løpet var det sosial samling i Velledalen Naturbarnehage med kaffi , marsipankake og brus.
Ynskje for seinare år er at løparane er litt raskare med påmeldinga.
Trening: Noko av det mest positive i gruppa i arbeidsåret er at det kom i stand Konradløptrening frå mars og fram til løpet. Hovudsakleg var det Hilde som styrte dette, med litt hjelp av andre dei få gongane det ikkje passa. Frammøtesnittet låg på kring 15 gutar/jenter
Mange har delteke i sportsleg aktivitet som sorterer under friidrettsgruppa siste året.
Hilde Riksheim Tandstad: KM-vinnar 400 meter junior kvinner – 67 sekund. Nr. 3 i kvinneklassa i Jordbærdilten
Kjell Magnar Berli: Deltok berre lokalt i 2012. Vinnar av Koldabakken Grand Prix, solid i Konradløpet og Opp på Bruna.
Nils Terje Skylstad:
Klassevinnar i klasse 55-59 år i Eggjenipa Opp, Nr 3 i Saudehornet Opp berre 47 sekund bak klassevinnaren, sterk i Fanaråken Opp og Konradløpet
Olaf Øien: Ein heller roleg sesong til han å vere. Vart nummer fire i klasse 65-69 år i Nibbeløpet, der han deltek for 20 gong av 20 moglege om han stiller i 2013.
Jo André Tandstad: Deltok i dei lokale løpa med solid innsats. Elles: Nr 4 i klasse 23-39 år i Blåfelden Opp, nr.11 i same klasse i Varden Opp og nr 60 i klassa i Skåla Opp.
Jens Christian Hole: Har representert VIL på to løp. Greidde merkekravet i Birkebeinerløpet med knapp margin, og fekk bra plassering i Fornebuløpet
Rolf Haxthow: Tek med Rolf Haxthow under friidrett sidan vi ikkje har sykkel. Rolf sykla Birkebeinerrittet på 3.56.31, kring tre minutt bak merkekravet
Svein Arne Nakken: Er skiløpar, men spring og som del av treninga. Delteke lokalt, pluss i Hornindal og i andre deler av landet.
Sivert og Andreas Nakken: Delteke lokalt, pluss i Hornindal der Andreas sprang «dobbel» løype, og i Lyngdal under «Tiendedelsmaraton», der Sivert vart nummer 6 og Andreas nummer 7.
Eldar Kurseth: Vart nr 326 i klasse 40-44 i Birkebeinerløpet på 1.44.04. Merkekravet var 1.44.05.
Stian Mork: Nr. 7 i klasse 20-34 år i Ålesund Halvmaraton på tida 1.35.23, og nummer 19 i klassa i Saudehornet Opp.
Nemner til slutt nokre andre kjende karar. Alf Petter Bøe som i 2012 representerte
Rindals-Troll,
Sverre Gunnar Brunstad
(Lørenskog FIL), Roger Malvin Hole (Gjelleråsen IF) og Nancy Eggen (Noteam).
Alle desse fire har levert sportslege resultat av god kvalitet siste året. Særleg dei to B-ane, Bøe og Brunstad.
Som ein ser er aktiviteten upåklageleg
mellom dei eldre. Det er sjølvsagt enno fleire som har delteke lokalt, men dei som er nemnde i årsmeldinga er slike som har delteke
utanom bygda éin eller fleire gonger. Målet i framtida må vere å få litt meir fart på ungane. Skal det lukkast må gruppa sjølv ta tak.
På vegne av friidrettsgruppa og hovudlaget takkar vi dei mange som har bidrege til å få dei ulike arrangementa vel i hamn
For friidrettsgruppa
Atle Hole
Siste fra Velledalen Idrettslag

Rapport frå idrettsskulen
31.01.2025

Juleavslutning for sirkeltreningsgjengen
20.12.2024

Svein og Fridtjof gjennomførte med glans
05.03.2024

220 noteringar i skogsvegen Drabløs
05.03.2024

Er det aktivitet på trimpostane…?
01.03.2024