Miniidrettsgalla – To stuntprisar

Postet av Velledalen Idrettslag den 9. Jan 2013

Christina Linnea Holmberg kjempa ein relativt jamn mot Svein Arne Nakken om «Folket sin Idrettspris». Det vart fire stemmer for lite for Christina denne gongen, men ho skulle likevel bli prisvinnar. Ho gjorde nemleg eit «stunt» berre Kenneth Fet har gjort før henne. Men Kenneth gjekk i august då han i 2010 gjorde same turen som Christina gjorde i oktober Vegvalet var rett nok ikkje heilt likt, men begge var på alle postar. Riksheimdalen og Myrdalsfjellet som ytterpunkt. Målet var å ta alle trimpostane i eit jafs i løpet av eitt døgn då ho la i veg 3. oktober, men det vart eitt døgn, tre timar og 21 minutt – etter ein nokså strabasiøs tur. Mellom anna på blankis over Nibbebreen på veg til Holetindane som den truleg nifsaste opplevinga.

   

Kjell Magnar Berli hadde ein relativt roleg konkurransesesong i 2012, men gjorde eit storstunt då han deltok (som debutant) i Birkebeinerrennet berre få månader etter ein alvorleg mageoperasjon. Så sjuk var han at han ikkje kunne fraktast til Oslo, men måtte opererast i Ålesund under kontinuerleg kontakt med ekspertisen i hovudstaden.

  Med minimal skitrening, og utan seeding, måtte han starte i siste pulje. Lenge gjekk det framifrå bra. Mot slutten vart det slutt både på spor i løypa og krefter. Sluttida vart likevel høgst respektabel med Kjell Magnar sitt utgangspunkt – 4.29.12.

  Når Kjell Magnar stiller i sitt andre Birkebeinerrenn i mars 2013, trur vi han kan smyge seg under fire timar. Får han skikk på skigåinga kan han fort gjort bli VIL sin fyrste Superbirkebeiner. Merkekravet til løpet har han alt inne og syklinga greier han óg utan uhell.

   

VIL-Nett gratulerer Himalaya-Christina (heiter så fordi ho skal dit om kort tid) og Kjell Magnar med prisane og ynskjer lukke til med eventuelt nye stunt!