Kven vert «Årets sportsslankar 2012»..?

Postet av Velledalen Idrettslag den 2. Jan 2013

Det er tid for slanking. Tunge matorgiar og drikkegilde gjennom store deler av desember er ikkje lenger gode minne. Det har vorte omdanna til slagg og juleflesk - som fløymer utover «all mark» på kroppen. No skal det pinast bort, koste kva det vil. Somme lukkast, andre feilar, medan den store hopen nok hamnar ein stad midt i mellom – jaudå, litt ned, men ikkje så mykje som tanken eigentleg ville.

   

For alle desse menneska, må det vere reint som ei Guds velsigning, at Velledalen IL ser seg syn med å sette opp pris til «Årets Sportsslankar». Her må då vere eit hav av kandidatar…, er fyrste tanken som ramlar ned i hovudet. Heilt så enkelt er det likevel ikkje. For å vinne prisen må tre kriterier vere på plass:

   1.
   
 Ein må vere medlem av Velledalen IL.

   2.
   
 Ein må ha representert Velledalen IL i sportslege syslar i 2012.

   3.
   
 Ein må ha slanka seg.

   

Der fall nok mange frå. Ta deg ein ekstra sjokoladebit du i dag – til trøyst, det er berre 2.januar, og slankinga kan vente til i morgon. Konradløpet er ikkje før 1.mai. Etter det står motbakkeløpa formeleg i kø. Du kan i alle fall vere kandidat i 2013 og starte med å betale kontingenten, tenkjer du kanskje i det du innser at tittelen «Årets Sportsslankar 2012» heng betydeleg høgare enn du trudde då lesinga starta.

   

Prisvinnaren vert kåra under Miniidrettsgallaen i Velledalen Naturbarnehage 3. januar klokka 19.00