Ikkje same iveren på alle postar – gnallhardt på Fet
Postet av Velledalen Idrettslag den 27. Des 2012
Geir Helge Grebstad, samanlagtvinnar av trimpostane i 2008 og 2009, var i Regndalen på sjølvaste julaftan. Og her er alle enno med i toppkampen – Geir Helge melde nemleg at ingen hadde meir enn éin tur. Ikkje så unaturleg, då Regndalen ikkje er det beste turmålet i tider med mykje is.
Trimgruppeleiar, Nils Terje Skylstad, er jamnleg på Holetindane. Stort sett mellom 15-20 turar i året. Hittil denne sesongen har han fire, men trafikken til posten vart skildra som heller laber.
Noko som er normalt denne årstida. Trass alt ligg «normalen på kring 100 turar i løpet av heile trimåret.
Men i skogsvegen på Fet er det god aktivitet. Vi hadde nyleg ein meldar dit, som med stor iver melde frå om knallhard kamp i teten. 26.desember klokka 11.10 var stoda slik:
77 turar: Grethe Fet
76 turar: Odd-Kåre Fet
73 turar: Astrid L. Drabløs
45 turar: Turid Bøkestad Fet
Siste fra Velledalen Idrettslag

Rapport frå idrettsskulen
31.01.2025

Juleavslutning for sirkeltreningsgjengen
20.12.2024

Svein og Fridtjof gjennomførte med glans
05.03.2024

220 noteringar i skogsvegen Drabløs
05.03.2024

Er det aktivitet på trimpostane…?
01.03.2024