Ti på topp trimpostar 2012:
Postet av Velledalen Idrettslag den 22. Des 2012
Ny poengrekord vart det altså ikkje. Vigdis Fure sine 4809 frå fjorårssesongen står trygt. Slike rekordar har litt med forhold å gjere, spesielt på vinterstid.
Det skilde altså 14 poeng mellom dei to – eller to turar til posten begge satsar mest på – oppe på Bruna i Straumgjerde. Vi kan i dag gratulerer Vigdis Fure som vinnar etter ein flott, jamn duell med Inger.
Trimgruppeleiar Nils Terje Skylstad sa det slik:
-
Hadde bøkene blitt skifta eit par dagar tidlegare i oktober, hadde rekkefylgja blitt omvendt. Vigdis var sterk dei siste dagane, og det var fyrst då ho sneik seg forbi Inger på samanlagtlista.
For at den jamne lesar skal kunne verdsette ein «Ti på topp triumf», bør dei vite fylgjande om kva som ligg bak i trimåret 2011/2012 (ca. frå oktober til oktober):
Vigdis Fure:
4123 poeng for 589 turar opp på Bruna
Inger Riksheim:
4004 poeng for 572 turar opp på Bruna
49 poeng for sju turar i Riksheimdalen
30 poeng tre turar til Koppen
15 poeng for tur i Regndalen
7 poeng for tur til Vellesætra
4 poeng for tur til Brunstadsætra
4109 poeng samla
Feil kan førekome. Det er trass alt eit omfattande materiale som skal gjennomarbeidast før resultata er klare. Klage på resultat bør snarast verte sendt til trimgruppeleiar Nils Terje Skylstad.
Sluttstillinga «Ti på topp trimpostar 2011/2012» vart då slik:
1.
4123 poeng – Vigdis Fure
2.
4109 poeng – Inger Riksheim
3.
3006 poeng – Solveig Olsen
4.
1897 poeng – Ivar Arne Flo
5.
1503 poeng – Arnhild Linga
6.
1437 poeng – Torhild Skogvold
7.
1396 poeng – Kjell Olsen
8.
1342 poeng – Grethe Fet
9.
1306 poeng – Odd Kåre Fet
10.
1300 poeng – Astrid L. Drabløs
Velledalen IL takkar samtlege som har kvittert namnet sitt i ei av trimgruppa sine tolv bøker i 2011/ 2012. Ny bok er på plass i skogsvegen Drabløs og ved hytta på Brunstadkøln. Tilbodet er med andre ord utvida.
Siste fra Velledalen Idrettslag

Rapport frå idrettsskulen
31.01.2025

Juleavslutning for sirkeltreningsgjengen
20.12.2024

Svein og Fridtjof gjennomførte med glans
05.03.2024

220 noteringar i skogsvegen Drabløs
05.03.2024

Er det aktivitet på trimpostane…?
01.03.2024