Skifter fotballbeite
Postet av Velledalen Idrettslag den 20. Des 2012
Foto Eline Langlo
Bengt Hole Alnes har alt signert for 3 div. klubben Stranda. Det er ingen løyndom at dei blåraude har mangla tempo i forsvarsrekkja. Akkurat der er Bengt sterk, så det vert inga bombe om han spelar seg til fast stopparplass.
Dessutan kan Bengt også nyttast offensivt, og kan bli ein suksess i spann med karar som tanksenter Ronnie Furset og Kasper Koppang. Ein spennande overgang som heilt sikkert vil drage fleire tilskodarar over fjellet til Stranda sine heimekampar.
Bengt skal i militærteneste til Nord-Noreg i januar 2014, slik at strandatrøya i fyrste omgang blir aksla ut 2013-sesongen.
Frå sikre kjelder vert det meldt at Sondre Brunstad Fet skal trene med AaFK frametter vinteren. Han har sondert forholda både i Hødd og AaFK. Sondre går siste året i ungdomsskulen og er gutespelar også komande sesong.
I 2011 var han dessutan klasseeinar i Møre og Romsdal i langrenn, ein idrett han no har lagt på hylla.
VIL-Nett ynskjer hell og lukke til begge gutane i sine nye klubbar.