Nær pallen – Ti på topp 2012

Postet av Velledalen Idrettslag den 16. Des 2012

Innan toppidretten kan fjerdeplassen vere ei litt lei plassering – fordi den er den fyrste som dett utanom pallen og dei tre medaljane. Vi trur ikkje Ivar Arne Flo ser slik på det. Han har trass alt hoppa frå 9.plass i fjor med 1344 poeng til 4.plass dette året med 1897 poeng. Det burde tvert om vere ein botnsolid opptur!

   

Ut frå resultata må Ivar Arne reknast som ein reinhekla spesialist. Han held seg til same post, og har såleis vore ein trufast gjest til posten som heiter «Dammen Riksheimdalen». Heile 271 turar har han lagt dit siste året, noko trimgruppa løner med 1897 poeng. Det heldt til klar bestemannspris på posten, ein pris Ivar får utdelt under Velledalen IL sin Miniidrettsgalle 3. januar (i Velledalen Naturbarnehage).

   

Vi kan elles røpe at Ivar Arne Flo vart beste mann under «Ti på topp 2012». Dei tre kvinnene som stiva han

  får du namnet på om tolmodet held nokre dagar til.

   

Ti på topp 2012:


4. Ivar Arne Flo
   1897 poeng


5. Arnhild Linga
   1503


6. Torhild Skogvold
   1437


7. Kjell Olsen
   1396


8. Grethe Fet
   1342


9. Odd-Kåre Fet
   1306


10. Astrid L. Drabløs
   1300