Ti på topp 2012: Brunstadkvinne på 6. plass

Postet av Velledalen Idrettslag den 9. Des 2012

Torhild Horsevik Skogvold har vore av dei flittigaste inne på «Ti på topp trimbøker». I 2011 var ho for ein gong skuld fråverande, men ho kom sterkt attende i 2012, og er Brunstad sin einaste representant inne på den prestisjetunge lista – på ein feiande flott 6. plass med 1437 poeng.

   

Kåring av ein samanlagtvinnar på trimpostane er inga fersk oppfinning. Det vart fyrste gong gjort i VIL-regi i 1991. Då med Per Steinar Linga som vinnar med 1143 poeng. Året etter tok Konrad Brunstad prisen med over 1800 poeng.

   

Torhild Horsevik Skogvold har Velle- og Brunstadsætra som heimebane. Grunnlaget for plasseringa er lagt her, med 102 turar til Brunstadsætra og 142 turar til Vellesætra. I tillegg har ho to slengjarar på Myrdalsfjellet ved sida av ein tur i Regndalen. Samla gir det gilde 1437 poeng.

   

Vi gratulerer Torhild med årets 6.plass, og minner om plasseringane etter ho:


6. Torhild Horsevik Skogvold 1437 poeng


7. Kjell Olsen 1396


8. Grethe Fet 1342


9. Odd-Kåre Fet 1306


10. Astrid L. Drabløs 1300

   

PS. I 2011 fekk ein plass på denne lista med 1240 poeng.