Ti på topp 2012 – plass nr. sju
Postet av Velledalen Idrettslag den 6. Des 2012
Det er tøft og halde seg fleire sesongar inne på topp-10 lista samanlagt. Det har Kjell Olsen gjort. Etter sterk fjerdeplass i 2011, trappa han ned til sjuandeplass dette året.
I fjor var Kjell det ein kan kalle «spesialist», då alle dei 255 turane gjekk til same turmål – Brune i Straumgjerde. Poengsummen var sterke 1785. Dette året har Brune framleis vore basismålet, med 185 turar. Av statistikken kan ein lese at mannen har vore på samtlege turmål i 2012-sesongen – Rett nok berre èin gong kvar post, men likevel – særdeles bra!
Poengsummen til Kjell dette året var 1396.
For dei som ikkje veit det, nemner vi at Kjell Olsen er son til legendariske Astrup Olsen. Astrup var VRF sin fyrste æresmedlem, og ein av klubben sine desidert største idrettsleiarar gjennom alle tider. Kjell satsa sjølv på handball, og var viktig brikke i IL Ringen sitt suksesslag på slutten av 1970-talet og byrjinga av 1980-talet
Elles er han ein av dei beste fiskarane i bygda utanom Brøvoll Tjuvfiskarlag sitt nedslagsfelt og han vil få Konradmedaljen i sølv om han stiller i Konradløpet 1. mai 2013 (tredje gong deltaking gir sølvmedalje)
Vi gratulerer Kjell Olsen med sterk 7.plass!
7. Kjell Olsen 1396 p
8. Grethe Fet 1342
9. Odd-Kåre Fet 1306
10. Astrid L. Drabløs 1300
Siste fra Velledalen Idrettslag

Rapport frå idrettsskulen
31.01.2025

Juleavslutning for sirkeltreningsgjengen
20.12.2024

Svein og Fridtjof gjennomførte med glans
05.03.2024

220 noteringar i skogsvegen Drabløs
05.03.2024

Er det aktivitet på trimpostane…?
01.03.2024