Æresmedlem Kaspar Fet fyller år.

Postet av Velledalen Idrettslag den 22. Nov 2012

Som vi før har vore innom var 1927 ein særs god lokal årgang, med heile tre æresmedlemar i Velledalen IL (Magnar Fet, Karl B. Lade og Kaspar Fet).

   

I yngre år dreiv Kaspar med hopp og kombinert. Han hadde styrken sin i bakken, vart det sagt. Seinare i livet gjorde han ein stor administrativ innsats i langrennsgruppa, der sønene Pål Rune og Steinar var aktive. Han var særleg ein dyktig smørjar. Og når han fylgde ein løpar til start fekk ein som regel fylgjande helsing frå Kaspar:

   -
   
 Her er det berre å opne for fullt, for så å auke etter kvart.


Seinare fekk Kaspar fram ein ny generasjon gode langrennsløparar i Kenneth og Sondre.

   

Elles har Kaspar alltid hatt ein lun, underfundig humor. I Svein Nakken sitt idrettsminne vert dette stadfesta. Saman med ei susande god helsing til jubilanten, tek vi med ein snutt av Svein sitt idrettsminne – eit idrettsminne som mellom anna viser Kaspar frå si beste side.

   

   

   

Sagt på Emblem:
   

Ein av dei arrangementsansvarlege frå Emblem IL spør etter Leiv Drotninghaug. Han spør Kasbar Fet, og får til svar: ” Nei, e heit-ikkje det, men viss du ser ei skinnjhue so røykje pipe so he du trøffe rette vedkomande.”