Førjulsmessa 2012: Svært nøgde utstillarar

Postet av Velledalen Idrettslag den 19. Nov 2012

Vêret var særs lageleg. Så stygt at det ikkje var turvêr – og ikkje snø og holke. Folket strøymde til. Handelen gjekk livleg, drøsen mellom kaffikoppane og kakestykka likeså.

   -
   
 Beste salet eg har hatt her sidan 2003, sa Per Rich Hunstad, som har delteke på 19 av 20 messer, og som òg har vore leverandør av tombolavinstar til dei fleste.

   

Nøgd var òg debutant Jarle Norangshol. Han stilde ut belter og brilleetui. Halve produksjonen rauk i Velledalen.

   -
   
 Eg er heilt overvelda. Dette hadde eg ikkje drøymt om, slo han fast dagen etter messa.

   

Dette var faktisk gjennomsgangmelodien. Smykkeseljar Siv- Tone Viken og kosmetikkseljar, Lillian Refsnes, begge strålande nøgde. Laksen og løfsene flagra mellom kjøpar og seljar dagen lang.

   -
   
 Vi omsette for over 30 000 kroner berre laurdag var omkvedet frå Garskjøkkenet.

   

Og slik vil vi sjølvsagt ha det. At flest mogleg reiser nøgde heim. Sjølvsagt fekk vi kritikk òg. Men stort sett alt av dette var på punkt ikkje arrangøren rådde med.

  Fleire meinte det var for varmt i salen, tilkomstvegen bort til grendahuset burde hatt eit par traktorskuffer singel på ein kritisk passasje. Det vart klaga på parkeringsforholda. Og mange undra seg – med rette – kva ein trailar med hengar, ein brøyt og ein hengar til å frakte ein brøyt med, hadde og gjere på grusbana denne helga. Desse tre «innretningane» sitt nærver var åleine skuld i det parkeringskaoset som var laurdag, og som heilt sikkert gjorde at somme køyrde forbi Velledalen grendahus.