Mange på herretrim

Postet av Velledalen Idrettslag den 14. Nov 2012

Herretrimmen i Velledalen har hatt eit oppsving i haust. På det meste 14 personar. Ei god blanding av unge håpefulle til personar godt over 50. Fleire avdanka habile VRF-spelarar mellom anna.

   -
   
 Vi opna med at herretrimmen var open for godt utrusta kvinnfolk, men no er nivået så høgt og teknikken så slepen at eg mest ikkje veit kva vi skal gjere. Truleg må vi stengje herretrimmen for damer fram til jul, seier primus motor, Åge Vanebo, til VIL-Nett.

   

Etter jul er det grunn til å tru at mannfolka har ete seg opp såpass at tempoet fell. Det er stort sett fotball det dreier seg om under herretrimmen. Andre muskelgrupper må takast ved eigentrening.