FØRJULSMESSA: I ÅR BLIR DET PRISKRIG PÅ LØFSER
Postet av Velledalen Idrettslag den 7. Nov 2012
Åge Lade kom med fylgjande gullkorn for nokre år sidan:
-
No har eg korkje sett eller smakt ei skikkeleg snikaløfse på mange år.
Om Åge får snikaløfse under den 20. utgåva av Førjulsmessa kan vi ikkje garantere, men der blir i alle høve tre ulike standar som byr fram løfse, så sjansen er der:
Liv Hansen frå Austefjorden blir inne i salen fordi ho også har andre produkt i tillegg til løfser.
May Teigen Roald frå Vigra blir i vestibyla med eigenproduserte løfser og fiskekaker.
Perdy Hansen/ Solveig Lorentzen lokale heltar frå Sykkylven blir i kjellaren med løfser.
Gardskjøkkenet frå Fausadalen (Stranda) blir i kjellaren med fiskeprodukt.
Norgesmat frå Nordfjordeid blir i kjellaren med spekepølser, syltaflesk og ymse anna.
Rigmor Røyr frå Stranda vert i kjellaren med strandabakelse.
Og dama som har skrive kåseri om «Den store løfsekrigen i Velledalen», Liv Randi Bjørlykke, er òg påmeldt. Rett nok ikkje med løfse som salsvare.
Det einaste som er sikkert er at i år vert det løfse nok åt alle – så GLED DYKK, alle løfserøvar!!
Siste fra Velledalen Idrettslag

Rapport frå idrettsskulen
31.01.2025

Juleavslutning for sirkeltreningsgjengen
20.12.2024

Svein og Fridtjof gjennomførte med glans
05.03.2024

220 noteringar i skogsvegen Drabløs
05.03.2024

Er det aktivitet på trimpostane…?
01.03.2024