Gratulerer med 60 år, VRF!
Postet av Velledalen Idrettslag den 27. Okt 2012
VRF har "vassa" i gode målmenn opp gjennom historia . Her er fire av dei. Johan Svindseth var sågar så høgt oppe under ei straffesparkredning på 60-talet at han såg ned på tverrliggaren.
Heimesiger
. Tenk, at då grusbana i Velledalen vart opna i pinsa 1950, hadde Velledalen IL og IL Ringen
kvar sitt fotballag. Dei møttest til og med i finalen, etter at IL Ringen hadde nedkjempa Stranda og velledalingane knekt Valderøy. IL Ringen sine menn var høflege nok til å la velledalingane vinne eiga opningsturnering med relativt klar margin.
Haust og vår.
I møteboka til Velledalen IL dette året står det at laget i den aktuelle sesongen hadde nytta 30 spelarar. Ikkje akkurat spelarkrise då nei. To år seinare (1952) fann fotballgruppene i IL Ringen og Velledalen IL at dei skulle slå seg saman. Samanslåinga vart gjennomført, men namnet kom ikkje på plass før året etter. Fyrste sesongen, som den gong var haust og vår, spela laget under namnet Velledalen.
Vann avdelinga.
Hans Strømmegjerde fortel at det var fem lag i avdelinga. Bylaga Aksla, Herd og Guard, pluss «bonane» Bondalen og Velledalen. Med andre ord, fire kampar hausten og fire våren. Det vart lenge mellom heimekampane den gongen. Samanslåingslaget vårt vann denne avdelinga. Diplomet heng i grendahuskjellaren.
Laget.
Strømmegjerde er sikker i saka når han fortel at laget sin fyrste kamp vart spela i august 1952 og at motstandaren var Herd.
-
Eg er også sikker på at VRF (men som framleis heitte Velledalen) vann, men er usikker på resultatet. Meiner det vart 3-2. Og vil du ha laget, spør ein engasjert Hans Strømmegjerde som sjølv spela fotball denne tida?
Målmann: Johan Svindseth
Backar: Ole Fausa og Erling Fet
Senterhalf: Magnar Fet
Halfar: Jon C. Brunstad og Paul Hole
Ytre høgre: Norvald Fet
Indre høgre: Olav Fet
Senterløpar: Johan Støm (erstatta av Gustav Tandstad etter 30 minutt grunna skade)
Indre venstre: Osvald Vigstad
Ytre venstre: Odd Strømmegjerde
UK:
Tomas Tandstad og Astrup Olsen frå Straumgjerde, Ole C. Brunstad + ?? frå Velledalen
(Veit nokon kven det siste UK-medlemet i Velledalen var, er vi takksame for å bli tipsa om det).
12 spelarar var altså i aksjon i fyrste kampen i august 1952 mot Herd, seks av dei framleis i live.
Dette var starten. Seinare har det gått slag i slag. Klubben kan sjå tilbake på 50 år med seniorfotball for herrar, og 20 år for kvinner. Laget har fostra fram landslagsspelar på J 16 (Anne Grethe Sandvik), har fått fram kvinneleg dommar på øvste nivå (Tove Tandstad), hatt G 16 lag i finalen i Norway Cup i 1990 (0-1 mot Tromsø, Ole Martin Årst målscorar) og vore inne på topp-6 i Møre og Romsdal fylke i herrefotball i 1971 og 1972. Siste ti åra har vore dei minst ærerike i laget si soge, men så lenge der er liv finst det håp.
Gratulasjonshelsing frå Velledalen IL
Atle Hole
Siste fra Velledalen Idrettslag

Rapport frå idrettsskulen
31.01.2025

Juleavslutning for sirkeltreningsgjengen
20.12.2024

Svein og Fridtjof gjennomførte med glans
05.03.2024

220 noteringar i skogsvegen Drabløs
05.03.2024

Er det aktivitet på trimpostane…?
01.03.2024