IKKJE SÅ ENKELT, KJÆRE LOKALAVIS!
Postet av Velledalen Idrettslag den 22. Okt 2012
I Sykkylvsbladet var det sist nummer ein stor artikkel av Rolf Hansen om vegen vidare for sykkylvsfotballen. Flott at Sykkylvsbladet omsider tek fatt i saka.
I artikkelen kom det fram at Sykkylven IL er klar til å overta om FK Sykkylven kastar korta. Det har fått enkelte i VRF-miljøet til å reagere. Ein av dei er mangårig oppmann/lagleiar, Svein Arne Nakken.
- Eigentleg litt rart at VRF ikkje var nemnd i denne saka. Dei må vere klar over at det er VRF som har rett på plassen i 5. divisjon om FK Sykkylven gir seg. Dette fordi VRF var det beste laget i divisjonssystemet ved samanslåinga. Skal Sykkylven IL få starte i 5.divisjon må VRF fyrst seie frå seg denne plassen. Gjer dei ikkje det, må SIL starte i 6.divisjon. Desse retningslinene vart lagt for ti år sidan, og er ikkje gløymde frå VRF si side, seier Nakken, som enno ikkje har fått seg cupfinalebillett.
Siste fra Velledalen Idrettslag
Rapport frå idrettsskulen
31.01.2025
Juleavslutning for sirkeltreningsgjengen
20.12.2024
Svein og Fridtjof gjennomførte med glans
05.03.2024
220 noteringar i skogsvegen Drabløs
05.03.2024
Er det aktivitet på trimpostane…?
01.03.2024