8.31.30 brukte Eldar på Birkebeinertrippelen
Postet av Velledalen Idrettslag den 22. Okt 2012

Birkebeinertrippelen utgjer samanlagtida i rennet, rittet og løpet. Eldar Kurseth kom på ein fin 91.plass av 382 deltakarar som fullførte i klasse 40-44 år i 2012.
Vinnaren i klassa vart Even Chiodera, Team United Bakeries 2. Eldar noterte altså 8.31.30 samanlagt, så vidt vi veit ny klubbrekord for Velledalen IL, etter serien:
3.41.35 i rennet
3.05.51 i rittet
1.44.04 i løpet
Eldar greidde merkekravet i løpet og rittet, men mangla nokre små minutt i rennet.
Den som greier merkekravet i alle tre disiplinane i same kalenderår, kan kalle seg superbirkebeiner. Får Velledalen IL sin fyrste superbirkebeiner i 2013?
Siste fra Velledalen Idrettslag
Rapport frå idrettsskulen
31.01.2025
Juleavslutning for sirkeltreningsgjengen
20.12.2024
Svein og Fridtjof gjennomførte med glans
05.03.2024
220 noteringar i skogsvegen Drabløs
05.03.2024
Er det aktivitet på trimpostane…?
01.03.2024