Børsmelding frå trimgruppa

Postet av Velledalen Idrettslag den 10. Okt 2012



Ein kort situasjonsrapport frå gruppa. Trimbøkene er no skifta ut ( Holemarka står igjen , men blir tatt ein av dei næraste dagane). Det er ført opp ein ny post ved den nye hytta på Brunstadkølen, men kasse og bok er ikkje komen på plass enno.Hyttestyret får avgjere kvar dei vil henge den opp. Trimkassa i skogsvegen på Drabløs låg henslengt i grøfta. Om den er blåst ned eller tatt ned, er ikkje så godt å seie. I alle tilfelle må det opp ny kasse her, og den bør også hengast opp ein annan plass enn før. Foreløpig er her altså inga kasse og bok.


Når det gjeld trimbingoen i Regndalen søndag, så blir den etter alle solemerker utsett ei veke.Sjefen for bingopremiar er i syden. Etter å ha besøkt Regndalen for å skifte bok, er det også eit spørsmål om ikkje trimbingoen bør flyttast til eit tørrare og fastare underlag.


Nils Terje