Christina på Brunstadsætra klokka 23.45
Postet av Velledalen Idrettslag den 3. Okt 2012
-No er Christina dyktig sliten, så eg vert med på resten av turen. Vi har vore innom hytta på Brunstadkølen der det i nær framtid kjem opp ei trimkasse, melder onkel til Christina, Per-Gunnar Holmberg frå Brunstadsætra.
-
Vi reknar med å vere nede på Brunstad litt over halv eitt i natt. Derifrå skal ho gå ned i Tregardane til startpunktet Då vil det vere kring 25 timar sidan ho starta. Men alt tyder på at ho vil greie turen. Planen var at turen til Holetindane over Nibbebreen skulle vere ein snarveg, men det vart det motsette, fortel onkelen som har vore med på siste del av turen.
Rykta seier at Himalaya-Christina har hatt med fyrsteklasses måleutstyr, noko som gjer at vi vil få total lengde i meter og i høgdemeter.
Siste fra Velledalen Idrettslag

Rapport frå idrettsskulen
31.01.2025

Juleavslutning for sirkeltreningsgjengen
20.12.2024

Svein og Fridtjof gjennomførte med glans
05.03.2024

220 noteringar i skogsvegen Drabløs
05.03.2024

Er det aktivitet på trimpostane…?
01.03.2024