Framifrå av Eldar og Jens Christian i Birkebeinerløpet
Postet av Velledalen Idrettslag den 15. Sep 2012
arkivfoto av Jens Christian
Kanskje visste dei det ikkje sjølve. At det i høgste grad stod om sekund. Jens Christian starta i same pulje som broren Roger. I brødreduellen vart han fråsprungen, men demoralisert…? Det kan han tydelegvis ikkje ha vore. Etter eit jamt, sterkt løp løvde han 23 sekund til merkeravet.
Men dette vart berre småtteri mot Eldar Kurseth i klasse 40-44 år. Han fekk kjenne på den herleg kjensla det er å krysse mållina sekundet før merketida rann ut. Dermed har Eldar teke merkekravet både på sykkel og i løpet denne hausten. Han har det «inne» på ski, og vi held han som favoritt til å bli fyrste VIL-medlem som greier merke i alle tre disiplinar i 2013.
Her er tider og merkekrav til dei fire utøvarane som vi har fylgt under løpet:
55-59 år: Torstein Hole, Emblem IL 1.38.40 – merkekrav: 1.51.23
45-49 år: Roger Malvin Hole, Gjelleråsen IF, 1.38.30 – merke: 1.42.28
40-44 år: Eldar Kurseth, Velledalen IL, 1.44.04 – merke: 1.44.05
25-29 år: Jens Christian Hole, Velledalen IL 1.43.17 –merke: 1.43.40
To utøvarar, der begge greier merket med ein samla margin på 24 sekund, etter samla løpstid på nær tre og ein halv time, er som å score frå avspark to gonger i løpet av same kamp i seniorfotball.
Vi kjem tilbake med plasseringar og kommentarar, kanskje også foto, seinare.
Siste fra Velledalen Idrettslag

Rapport frå idrettsskulen
31.01.2025

Juleavslutning for sirkeltreningsgjengen
20.12.2024

Svein og Fridtjof gjennomførte med glans
05.03.2024

220 noteringar i skogsvegen Drabløs
05.03.2024

Er det aktivitet på trimpostane…?
01.03.2024